SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 245 skann 247

245 uttrykksbehov : Til dømes etter engasjerande samtale om avisbilete. Fargeuttrykk i andre materiale, applikasjon, fritt broderi, vev eller knyting, eventuelt i kombinasjon. Motiv: «Innestengd». Innestengd: I lukka land, i eit trongt husvære i storbyen, i gjengen, innestengd mellom sine eigne som ikkje kan forstå, innestengd i seg sjølv. Samtale. Til innføring kan også gjerne brukast musikk, litteratur og annan kunst. Formuttrykk i stilisert eller nonfigurativ skulptur, metall eller leire: «Styrke og livsmot», «Hurra», «Nedtyngd», «Angst». Inspirasjon: Skulpturen i vår tid. Sakleg forteljing. Nøktern, objektiv utgreiing om det røynlege. Også den saklege framstillinga er skapande: personleg vektlegging og val i åtgåinga, klårleik i forteljinga ut frå det som kvar einskild ynskjer å fortelje. 4.-6. klassesteget. Naturreportasje, i strek eller farge. Utveljande notering: Kva ynskjer eg å hugse? Respekt for streken: Den skal heile tida merke seg noko, registrere noko som er sett. Døme: Særprega tre. Form- og fargenotat om det karakteristiske. Arbeidsbok, emnehefte, med teikning som middel i læring av facts. Under og etter studium av ting eller bilete blir åtgåingane sorterte i ei personleg attgjeving der tanken vel ut, legg vekt på, forenklar. Døme: Fysikkeksperiment, Skiensvassdraget, Hustype i det gamle Egypt. Resultatet blir ei personleg prega registrering av det røynlege. Oppslagstavle, veggavis : Teksting til bilete og utklipp i ein emnesamanheng. Forklårande skisser i tillegg. Layout. Gruppearbeid. Forteljing, i måling eller leire: Sakleg utgreiing om oppleving eller røynsle, med vekt på klår framstilling. Plakat: Ordentleg og tydeleg layout. Samsvar mellom innhald, tekst, bokstavform, dekor. Også arbeidsbokframside. Julekort. Illustrert norsk stil, eller biletserie med tekst, der eit sakleg innhald kjem fram i samspel mellom tekst og teikning. Formålet er å fortelje noko, og klårleik er naudsynt. 7—9. klassesteget. Naturnotat: Form eller farge blir henta i naturen med skisser som støtte for minnet, og omforma til 1. bilete, 2. design eller dekor på ting. Museumsreportasje, der teiknarane har eit formål, og ut frå det avgjer kva form- og fargefacts dei har bruk for å samle på skisseblokka. Modellteikning : Naturformer, eller laga former med logisk samanheng, t.d. ein reiskap, ein maskin. Slik teikning er pedagogisk tenleg berre når teiknaren av interesse for motivet ynskjer å studere og forklare det. Liknande oppgåve: Forteljande teikning av medelev oppstilt som modell i meiningsfylt situasjon, t.d. «Sitje og lese», «Bere tungt», «Strekkje seg etter noko». Hovudsak: Tydeleg forteljing om det som eleven gjer. Emballasjelayout : Tom emballasje (boks, eske) blir overmåla dekkjande einsfarga, og nydekorert. Gjerne nylaga varenamn, ny tekst og dekor. Samtale: Dekorativ skrift, god emballasje, sakleg reklame. Utstilling : Ting, bilete og forklårande tekstar, til ein temapresentasjon. Effektlys. Kanskje samkjørt med musikk, lydeffektar, lysbilete. Emne. Formingsaktivitetar kan samordnast kring eit emne, og munnar da gjerne ut i ei eller anna form for utstilling eller presentasjon til slutt. 4.-6. klassesteget. Same motivet i mange uttrykksformer og materiale. Lærarane samlar klassen til felles motivering/innføring i eit emne som det høver å arbeide med på ulike formingsområde. Deretter vel elevane einskildvis eller i grupper arbeidsstad, materiale og framstillingsform. Blir avslutta med felles utstilling.
Skann 247 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 245». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/247/