SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 244 skann 246

244 4.-6. og 7.-9. klassesteget For å få betre oversyn er arbeidsdøma for 4.-9. klassesteget ordna i 2 spalter, ei for 4.-6. klassesteget og ei for 7.-9. klassesteget. Dei fleste døma kan ein likevel bruke begge stadene når ein tilpassar dei noko pedagogisk. Fabulering i materiale og motivområde der fantasi, leikeglede og spontanitet får spelerom. Det frodige blir lagt vekt på, og ingen ting er rett eller gale 4.-6. klassesteget. Spontan leik med vass/argar : Søle, skvette, la renne, blåse. På kvitt teiknepapir, svart eller farga papir. Vått-i-vått, kanskje med svart tusj og kvit dekkfarge, eller på tørt papir. Vellykka eller rare parti kan klippast ut og monterast, kanskje med tekst til. Andre leikformer: 1. Samanklappingsbilete til å måle vidare på. 2. Avtrykksbilete: Svertevalse over, og pappbitar, hyssing osv. som underlag under trykkpapiret. 3. Rableteikning: Streksnirklar, blir sidan til fabelvesen eller mønster. Applikasjon. (Sjå dømet under 1.-3. klassesteget.) Fleire måtar : Applikasjon som gruppe eller Massearbeid, til veggfrise, stort veggteppe eller sceneteppe. Emballasjeskulptur : Store, kanskje mannshøge figurar av emballasjekartongar og anna verdlaust materiale, gjerne også naturmateriale. Måle dei. Gruppearbeid. Fabulerande måla forteljing: «I bakvendtland», der alt er merkeleg, annleis og uventa. 7.-9. klassesteget. Måling til musikkrytmar , med grov, fargerik pensel på store ark i frie armrørsler. Biletet kan sidan utviklast vidare. Musikkformene kan forsterkast og bli klårare med fargefelt, eller rytmestrekane kan bli omdikta til figurar, nonfigurative eller til dømes maskeliknande. Rare natur/ormer blir studerte, forvridne tre og røter til dømes, steinar, skyer. Vi diktar vidare på dei i eit fabulerande bilete. «Tenårings garderobe» med humor: Pipereinsarfigurar blir påkledde forunderlege drakter. Varierte og brokete materiale. Robot, teknisk fabelvesen av gammalt teknisk skrot. Blir bygd av elevgruppe, som sidan kan demontere og leggje materiala tilbake i lagerkasser. Collage: Farga papir av alle slag, vekeblad, tapet og anna restemateriale blir rive og limt opp til fabulerande bilete. Det er kanskje ikkje klårt på førehand kva biletet skal bli. Ei fantasiverd veks opp under arbeidet, nonfigurativ eller meir og mindre attkjennande. Kan også kombinerast med måling. Kjensleuttrykk er subjektive. Berre eleven sjølv kan avgjere kva han kjenner inni seg ved å sjå eller lage ei bestemt fargesamanstilling, eller ei særprega form. Derfor blir det i særleg grad hans uttrykk. 4.-6. klassesteget. Fargeuttrykk : Aktuelle hendingar som opptek elevane, litteratur- og musikkoppleving 0.1. lét elevane fargane fortelje om slik dei kjenner det inni seg. Døme: «Brann», «Flyktning», «Vi vann». Elevane kan oppmuntrast til å lage ein tittel som understrekar stemninga i biletet. Uttrykksfull maske: Munter maske, spøkefull, redd, kraftfull, skremmande. Vassfarge eller oljepastell. I tilknyting til studium av såkalla primitiv kunst. Alternative materiale: Leire, pappmasjé, stor papirpose måla og pålimt restmateriale. «Farleg dyr», ekspressivt fabulerande, gjerne groteske innfall. Kanskje med tilknyting til vonde draumar. Sakleg innslag: Studium av forhistoriske dyr. Brend og måla leire, eller tekstilapplikasjon. 7.-9. klassesteget. Ekspressivt måla bilete, temperablokk eller limfarge. Jamvel om eleven vel ei figurativ løysing, ligg uttrykket, bodskapen, meir i farge og form enn i det motivet fortel : «Krig», med skrikande vonde fargar og oppriven, brutal form. Opplevinga er utgangspunkt og føresetnad : Det er formålslaust å lage uttrykk der ein ikkje har noko på hjartet. Naturleg
Skann 246 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 244». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/246/