SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 243 skann 245

243 Dramatisk verksemd: Veggtavla brukt som bakgrunnskulisse, måla med farga tavlekrit. Juleevangeliet blir dramatisert. Eller oppgåver blir gjevne: «Det ruslar og tuslar, det raslar og taslar». Kan knytast til eventyr eller emnet «skogen» i heimstadlære. Folkedikting og folkekunst. Theodor Kittelsen. Kle seg ut: Bortlagde vaksne kledeplagg heimanfrå blir brukte fabulerande og utan førehandsplanlegging. Kan vere gruppearbeid. Dramatisk verksemd. Julekrubbe: Måla pappkulisser, figurar i einsfarga plastilin påkledde tybitar festa med knappenåler. Juletrepynt, kan den lagast i skapande verksemd? Døme: Stjerne kan bli riktig på tallause måtar, av mange slag fargerike eller glitrande materiale. Korg: Noko som heng og har plass til noko inni. Da treng ikkje tingen vere laga etter oppskrift. Men han bør nok pyntast, når han skal på juletreet. Julegåver kan vere enkle bruksting og litt av kvart anna. 1 . Potettrykk på papirserviettar. 2. Blomstervasebrikke, dekorert med trykk eller fiberpenn. 3. Dekorert sponplate, underlag for varme ting. 4. Kalenderbakstykke. 5. Blomsterhaldar i brend leire. 6. Lysestake, brend leire. Dekorert med vassfargar. 7. Bokmerke, tekstil med dekor. 8. Leirefigur, brend. 9. Bilete, måla, applikert eller brodert i frisaum. 10. Ein rund, raud og rar liten nisse. Tjukt ullgarn. Masketeknikk. 11. Månemann eller trollkjerring. Reste- materiale. 12. Veske til Veslesyster si dokke. Vev. Masketeknikk. 13. Brevopnar, nålehus, smykke. Filing, boring i horn og bein. Bustadområde, miljø- og naturvern, blir knytt til desse emna i heimstadlære. Eit tenkt område skal utbyggjast, kanskje til eit fastsett tal på familiar. Bustadtypar. Blokk, rekkjehus, einebustad? Plassering. Tre, busker, naturlege fjellknausar som bør takast vare på? Omsyn til terreng, natur, solretning, utsikt, trafikktryggleik, plass for leik og uteliv. Passande farge på huset. Mjølkekartongar, isopor, treklossar, måling, lim, på ei stor eller fleire mindre plater eller i sandkasser. Leire, mose, steinar og anna til terreng. Dokketeater. 1 . Spontan dramatisk verksemd med plastilinfigurar i sandkassa. 2. Papirdokker (fingerdokker, hempedokker) dramatiserer situasjonen «I butikken» (heimstadlære). Det blir spela ope på bordet. 3. Eventyr, spela i teater laga av TV-kartong. Dokker tråklesydde av gammalt ty. Enda enklare dokke: med hovud av potet eller strømpe. Spelet blir planlagt som ei handlingsrekkje. Replikkane kjem sidan spontant, under framføringa. Sandkassearbeid i små sandkasser, t.d. plasttrau, fiskekasser. Berre tre -fire elevar i arbeid om kvar kasse. 1. Same emnet for alle gruppene, men ulik framstillingsmåte. 2. Emnet er så vidt at kvar gruppe tek sin del. Alle sandkassene blir utstilte, og saman illustrerer dei heile emnet. Teknisk: Ganske lite tapetlim-vatn i sanden, så rasar han ikkje saman etter tørking. Hald sanden rein, så kan han brukast i årevis. Innreie, ordne i klasserommet : Samtale i klassen om forbetringar. Læraren kjem med ymt, men gjev ikkje løysingar. Kan vi flytte pultar, snu skåp, lage eller låne hyller? Korleis får vi materiale? Kan vi låne innreiingsting vi treng (bord, teppe, forheng) ? Fargar og dekorasjonar. Potteplantar. Grupper og einskilde elevar tek på seg oppdrag og ansvarsområde. Drøftinga kan førast vidare på eit foreldremøte for klassen. Lage utstilling. 1. Av formingsarbeida til heile klassen. Også demontere. 2. Eit emne kan bli presentert, med utklipp, illustrasjonar og eigne tekstar på oppslagstavla, og med bøker, ting og formingsuttrykk av mange slag. 3. Montasje på oppslagstavla : Teikning, utklipte bilete og tekst med fiberpenn. Emne frå heimstadlære. Aktuelt.
Skann 245 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 243». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/245/