SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 242 skann 244

242 Fellesarbeid i klasse eller gruppe, teikne med kraftige fargestiftar, klippe, klistre. Bakgrunnsark med god farge på, så teikningane til elevane kjem klårt fram. Oppmuntre til å lage store figurar. Det kan gjerne bli litt trongt om plassen. Motiv: t.d. «På skeisebanen», «Bamsens fødselsdag», «Vårflyttinga til flyttsamane». Leire - plastilin, bør vere lett tilgjengeleg og brukast ofte. Kvar elev kan ha sitt eige plastilin i plastpose i hylla, saman med ei plate til å arbeide på og til å ha figurar på. Så kan kvart einskilt barn bruke det i dagleg individualisert undervisning. Leire i formingskroken. Barna finn gjerne på oppgåver sjølv. Gode motiv er menneske og dyr, gjerne situasjonsbilete. Høveleg for gruppearbeid er t.d. «Laurdagshandel på torget», «Astronautane spaserer på Mars», «Snøkvit og dei sju dvergane». I leirearbeid må læraren leie og oppmuntre elevane til å forenkle. Snø, konstruktiv leik i kram snø : «Snømannfamilie», «Eventyrslott», «Holer og gangar til å krype i». Applikasjon, limt av eit raust utval av brokete filler og tyrestar, særleg utslite nyvaska ty som barna har med heimanfrå. Best er ty med mønsterrikdom og fargeprakt, blondegardiner. I tillegg materiale for pynting: Knappar, perler, glitter, bitar av metallfolie. Emne med dekor-appell : «Fugl Fønix», «Eventyrfisk», «Soria Moria slott». Ved oppgåver av denne typen er sjølve den frodige fillehaugen hovudmotiveringsmidlet. Klipping, riving, klistring i farga papir av mange slag. Tapetrestar, fargesprakande innpakningspapir, sølvpapir, kulørte vekeblad, og ark som før er dekorerte i fri måleleik. Figurane blir klipte eller rivne direkte, utan teikning først. Dekorativ frisaum, t.d. på farga strie, med tjukt garn eller kunstbast i mange fargar, kanskje perler, knappar, lisser, glitter, bitar av metallfolie. Motiv som «Dei heilage tre kongar» innbyr til overdådig stas. Vi høyrer dikt, og diktar med sting : «Den prektigkledde sommerfugl», «Vesle Hans' eventyr». Barna blir oppmuntra til å brodere fritt utan tanke på spesielle sting. Både strek og flatefylling. Dokkeklede, maskot, prøve på eiga dokke. Kva slag klede treng dokka? Noko godt og varmt til kalde dagar ute. Noko å ha på seg inne til festtimen i klassen. Tjukt ullgarn i mange fargar. Høveleg reiskap. Tybitar. Samansying med hand. Eller: Dei små arbeider i tomannslag saman med eldre elevar som greier symaskin. Etter kvart kan dei små prøve seg på symaskin aleine. Dokkestove, hytte: Store emballasjekartongar kan brukast. Frodig utval av restemateriale til interiør, møblar, tekstilar. Måling. Ikkje for store elevgrupper om kvar kartong. Kan knytast til emne frå heimstadlære : «Leik og fritid», «Heim og familie». Bil, båt, fly : Variert materialutval, små bitar i mange fasongar, restemateriale og materiale på førehand oppkutta av læraren. Furu, kork, bork, isopor, lim, spikrar og plakatfarge. Kanskje kan dei små arbeide i tomannslag saman med eldre elevar, som meistrar handverkty. Veving : Fri leik med tråd. Vikle trådar i fleire retningar på papp eller treplate. Lage fine mønster, feste trådane saman somme stader, bruke stoppevev, brodere inn sting som går rundt eller på skrå, kanskje bruke anna materiale innimellom. - Veving på fjøl eller papp. Filler frå restehaugen. Barna klipper filler sjølv. - Veving med tjukt garn. Mange fargar. Barna blir oppmuntra til å finne praktiske måtar å veve på, kanskje også knyte inn trådar eller feste andre ting til pynt. Ting til nytte. 1. Snor til å ha nøkkelen i. Fingerhekling, fletting, tvinning. 2. Skilt til åha utanfor rommet. Tekstil eller sponplate med dekor. 3. Nålepute. Masketeknikk. 4. Noko til å pynte pulten med til festtimen. Mange slag materiale å velje blant. 5. Duk til kateterbordet til bruk ved fødsels- dagar og fest i klassen. Klasse- eller gruppearbeid. 6. Pose til vottar, sokkar 0.1. Ty som er lett å brette. Enkel samansying med hand eller maskin. 7. Brikke til bord eller brett. Tekstil med sting til pynt. 8. Måle og dekorere permar til emnehefte og varebind til bøker. Reste- og naturmateriale: Elevane hjelper til med å samle. (Ver varsam, vern om skogen !) Bork, konglar, røter, mose, stein, skjel. Restar av tremateriale, ty, skinn, garn, leidningar, emballasje, stry. Materiala kan i seg sjølv gje idear: Ein boks kan bli kropp, og den kapselen ein hatt.
Skann 244 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 242». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/244/