SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 241 skann 243

241 _j_ _)__}_ Spikrar i mange dimensjonar frå 3" og nedover Skruar i dei vanlegaste dimen- sjonane O _|_ _|_ Stongjern i ulike profilar og dimensjonar, og i handterbare lengder O+ + Jernplate, jernblekk, sink, alumi- nium OO+ Massing, kopar, litt tinn ++ + Metallfolie, aluminium, kopar, kanskje massing O+ + Jerntråd, tjukk -f +4- Jerntråd, ulik tjukkleik OO+ Massing og kopartråd -f- + + Metallrestar og skrap, frå t.d. verk stader og bygg VURDERING Ved vurderinga skal ein følgje dei retningslinjene som er gjevne i kapitlet Vurdering i den generelle delen av mønsterplanen. Vurderinga tek utgangspunkt i skolen si generelle målsetjing, faget si spesielle målsetjing og eleven sine føresetnader på fagområdet, og ein må ta omsyn til dei undervisningsmetodane og arbeidsformene som er nytta. Ved vurdering av eleven si arbeidsevne i eit fag må ein ta omsyn til eleven sitt kjennskap til og dugleik i å utnytte faget sine hjelpemiddel, evne til sjølvstendig arbeid og til arbeid i grupper. Det er ikkje nok at læraren vurderer elevane sin arbeidsmåte og resultata av arbeidet deira, like viktig er det at elevane får øving i sjølv å vurdere. Den einskilde eleven sitt arbeid må vurderast med jamne mellomrom, både for å stimulere interessa for faget og for å gje rettleiing for vidare arbeid. Eit avslutta arbeid må vurderast snarast mogeleg. Ved vurderinga innanfor formingsfaget må ein ta seg tid til sams drøftingar med elevane ved utstillingar av elevane sine eigne arbeid og ved andre utstillingar. Læraren bør oppmuntre elevane til sjølve å vurdere kvaliteten i arbeida, og til å leggje fram sitt syn i drøfting med andre. Slike drøftingar kan føre til større respekt for andre sine meiningar og arbeid. I drøftingane må ein ta omsyn til at somme elevar er visuelle og saklege i framstillingsforma, andre sterkare kjensleengasjerte. Atter andre kan vere mest opptekne av det som er dekorativt mogeleg ved ei oppgåve. RETTLEIANDE ARBEIDSPLAN Denne planen gjev praktiske døme på arbeidsoppgåver for alle opplæringsstega. Den 16. Mønsterplan. Nyn. tek sikte på å konkretisere å gjere tydeleg undervisninga etter målet for faget. Døma passar ikkje utan vidare for alle lærarar og alle elevar, dei kan til dels vere moteprega og derfor snart forelda. Dei gjev også eit übalansert bilete. Måling er til dømes viktigare enn andre biletformingsmiddel, men finst likevel ikkje så mange gonger i dømesamlinga som ein etter dette skulle vente. 1.-3. klassesteget Måle, i stort format, med temperablokk og tjukk pensel. Motiv: «Meg sjølv». Kan du måle deg sjølv så stor at du nesten veks ut av arket? «Bakar Hansens epletre». Læraren hjelper elevane til å forenkle oppgåva med di han i samtale om eplehagen til bakar Hansen stansar ved eitt tre, det største, som har dei aller beste, saftigaste og mest fargerike epla. Den same framgangsmåten kan brukast i samband med emnet «Hønsegarden». Vi finn fram til hanefar som er stor, stolt og kry, fordi han har halefjører med så utruleg mange fine fargar i. For samiske elevar vil det vere naturleg å velje motiv som t.d.: Vi gjeter rein. Vi skjer sennegras. Rypefangst. Fisketur. Eventyr: Barna samlar seg i ring kring læraren, som fortel. Materiell ligg ferdig på arbeidsborda. Eventyret bør innby til tydelege visuelle fantasibilete, og det bør vere slik at eitt eller nokre fa vesen stig tydeleg fram or handlinga og gjer det naturleg for barna å fortelje om dei. (Eventyr med rikt persongalleri høver betre for forming med anna materiale eller til gruppearbeid i måling, der kvar elev lagar sin person) . Ekspressiv måling, dramatisk kjensleuttrykk. Gud sa: «Bli lys!» I samband med emnet «Skapinga». Samtale og undring over kva for livgjevande kraft sola har, og om kor skrint det hadde vore på jorda utan sol. Dramatisk forteljing om korleis lyset sprengde seg fram gjennom mørkret. Utgangspunkt: Forteljinga i Bibelen. Store ark, tjukke penslar, rikeleg med gode målefargar. Alt på plass på førehand. Bibelhistoriebok og heimstadlærebok, teiknekonsept A4-format. Det kan brukast vokskrit, som er mjukt utan å smitte av, eller store fiberpennar. Biletet, ofte med litt tekst, kan gjerne gå over begge sidene. Oppmuntring: bruk kritet direkte utan blyant først, og farg så kraftig at det dekkjer papiret. Så blir biletet klårt og tydeleg. I sakleg forteljing bruker barna sitt eige, naturlege formspråk, ut frå det behovet dei har for å gjere omgrepa klåre.
Skann 243 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 241». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/243/