SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 238 skann 240

238 særleg eldre elevar. Det uløyste problemet blir utgangspunkt for gransking og prøving. Stundom kjem barnet til skolen og har bruk for noko: brett til fuglane utanfor stovevindauget, skjerf til den blå kåpa, bokhylle over senga. Da må læraren vurdere: Maktar ein elev i den alderen å lage bokhylle utan hjelp? Han ynskjer seg hylle, men kor verdfull kan sjølve aktiviteten bli? Ofte vil eit slikt ynske smitte, så læraren kan drøfte oppgåva med ei heil gruppe elevar samtidig. Utgangspunktet er ynsket om å lage noko til å setje eigne bøker i. Elevane har ulike behov, som dei klargjer i skisse. Tilgjengelege materiale blir undersøkte, og samansetjingsproblema drøfta. Læraren hjelper samtalen framover mot løysingar, men utan å gje svar han meiner elevane sjølv kan finne, og utan å vurdere for dei. Derimot gjev han tekniske råd og opplysningar der det kan gje elevane betre formingsvilkår. Dersom no ideen ikkje kjem frå barnet, men frå læraren, kan resultatet for gruppa likevel bli om lag det same: Dersom framlegget ligg innanfor eit naturleg interessefelt, og dersom presentasjonen er vellykka, vil elevane ta det opp som sitt eige, men med tilpassingar og unntak etter individuelle behov og ynske. Bokhylleoppgåva er kanskje ikkje alltid pedagogisk sett så formålstenleg at læraren sjølv utan vidare ville gjere framlegg om den. Utan kanskje i ein sosial samanheng: Gruppa eller klassen treng hylle til lesekroken i klasse- rommet. Der har vi fått inn tilleggsverdiar: samarbeid, og ansvar for noko også andre får nytte av. - Miljøforminga blir ført vidare: måla sponplate som vegg i lesekroken, pute til stolen, dekorerte gardiner og fortrekk, duk til bordet, bilete og stas til vegger og korridorar. Ein arrangerer og steller blomar, lagar til små utstillingar. Inndeling i grupper. Alle elevar må i hovuddraga få same undervisningstilbod i forming. Jenter og gutar får same høve til å gjere røynsler innanfor dei tre materialområda teikne-, tekstil- og sløydaktivitetar. Dei vil da sidan ha bakgrunn for å kunne fordjupe seg fagleg meir etter interesser enn etter eit tradisjonelt kjønnsrollemønster. Det er da heilt i samsvar med denne planen om ei gruppe jenter i ungdomsskolen i ein periode vel å lage klede til seg sjølv. Føresetnaden er berre at sjølve aktiviteten, framgangsmåten, blir i pakt med målet for planen. Det kan vere nyttig i nokon mon å leggje formingstimane til same tid på hovudtimeplanen for to eller fleire klassar. Dette kan gje høve til inndeling med større variasjon i undervisningsopplegget, så elevane kan fa fleire tilbod å velje mellom. På større skolar kan gruppedelinga baserast på fleire parallellklassar. På mindre skolar kan ein lage grupper på grunnlag av eit par klassesteg. Dette gjeld også for forming som valfag. Berre ein følgjer intensjonen med planen, kan kvar skole leggje opp sitt eige organisasjonsmønster, alt etter romforhold og lærarsituasjon, t.d. slik: 1 . Gruppene skifter mellom ulike formingsrom i faste periodar gjennom heile året. Særleg kan dette gjelde 4.-5. klassesteget. 2. Gruppene skifter mellom ulike formingsrom ein del av året. Deretter vel elevane eitt av formingsområda som arbeidsfelt resten av skoleåret. Vekslinga kan og gå føre seg gradvis i skoleåret, ved at to og to elevar byter plass innbyrdes. Da vil arbeidsgruppene på kvar avdeling ha høveleg storleik, og det personlege kartotekkortet til elevane sikrar kontroll. Særleg høver dette for 5.-6. klassesteget. 3. Periodevis kan det vere naturleg å fjerne grensene mellom fleire, kanskje dei fleste av skolefaga. Lærarane samlar elevane til felles innføring/motivering i eit omfattande emneområde. Elevane arbeider vidare med stoffet, og reagerer på det, opplever det, gjennom ulike former for skapande aktivitet. Lærar samarbeid. Undervisninga i forming er det ofte to eller fleire lærarar som får. Kvar av lærarane kan med si utdanning kanskje vere med på å dekkje heile undervisningsområdet. Lærarane kan også ha ulike føresetnader på dei ymse områda innan forming. Eit samarbeid etter følgjande mønster kan ein da tenkje seg: 1. Den eine læraren har særleg innsikt i t.d. tekstilforming, den andre i forming med tre og metall, mens begge kan undervise i teikneprega forming. Det er da naturleg at den eine læraren kjem med tilbod i tekstile materiale, den andre i tre og metall, mens dei gjerne skiftest om tilboda i teikneprega forming. 2. Lærarane utfyller kvarandre godt, men begge har lita innsikt på eit spesielt område som kan vere verdfullt ut frå eit formingssynspunkt. Dersom det ved skolen finst ein tredje lærar som kan ta på seg undervisninga på dette området, bør ein med periodevis å ha timebyte prøve å utnytte dette. 3. Undervisninga kan organiserast slik at lærarane som eit team får ansvaret for
Skann 240 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 238». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/240/