SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 237 skann 239

237 % oss? Ansvaret blir utvida: Kan vi gjere noko heime, i byen vår, bygda vår? Korleis kan vi i det heile best vere med i miljø- og naturvern? Elevane må fa høve til å oppdage og glede seg over fargar og formsamanheng i naturen. Formingsundervisninga bør og ta sikte på å øve opp kritisk sans overfor den daglege biletflaumen frå bøker, blad og reklame, film og fjernsyn. Elevane drøfter og vurderer biletet som bodskap og informasjon, og øver opp ei sjølvstendig holdning til inntrykka. Innsikt og dugleik må utvidast målmedvite og gradvis gjennom : 1.-3. klassesteget - teikning, måling, fri brodering, applikasjon eller collage, enkel tilforming og samansetjing i plastiske og byggbare materiale^ i oppgåver som utfordrar til å vere dristig og klår i personleg uttrykk og form, til å ha problemløysande holdning, og som gjev hug til å pynte, - enkle samarbeidsoppgaver, - avgrensa ansvar for orden i materiale og utstyr, - møte med kunst og formkultur, - samtale om biletstoff. 4.-6. klassesteget vidare arbeid med formingsmidla frå 1 .-3. klassesteget, dessutan innføring i bruk av middel som trykk, maskebinding og enkel vev, samansetjing med nyttesaum, lim, spikrar, skruar o.L, arbeidsstoff som fremmar meir medviten uttrykksvilje, formval, biletbygging, fargesamansetjing og dekor, arbeidsstoff som tek omsyn til ein byrjande realisme i biletframstilling og funksjonstenking når det gjeld bruksting, formålstenleg og ufarleg bruk av vanleg formingsverkty og utstyr, trening i å ta seg fram på eiga hand med verkty og utstyr som høver, oppøving av vilje til å fullføre arbeida, ansvar for innsamling av materiale og for orden i det, kjennskap til bruksmåtar, kvalitet og pris, arbeidsoppgåver som utviklar samarbeidsevne og miljøansvar, møte med kunst og formkultur, drøftingar som styrkjer ei sjølvstendig holdning til biletstoff. 7.-9. klassesteget - vidare arbeid innanfor dei røynsleområda kvar elev vel, - røynsle med materiale og teknikkar for desse områda, og kunnskap om formålstenleg og ufarleg bruk av naudsynt utstyr og verkty, - oppøving av sjølvstende og innsikt, som også kan vere til nytte utanfor skolen, i verdfull fritidsverksemd og praktisk arbeid, - kjennskap til vedlikehald, stell og reparasjon av klede, tekstilar, bruksting og reiskap, - røynsle med bruksområda for materiala, kvalitet og pris, - møte med kunst og formkultur, - sjølvstendig vurdering og kritiske val i drøfting av biletstoff. ARBEIDSMÅTAR Oppgåva blir til. Det ideelle utgangspunktet for formingsverksemd er eigne spontane idear og framlegg som barnet har. Opplevingar frå leik og fritid og røynsler av mange slag kan bli klårgjorde, ordna og uttrykte i synleg form, som også andre oppfattar. Somme barn er så opptekne av tankar og opplevingar dei gjerne vil gje uttrykk for, at dei ikkje har behov for impulsar frå læraren for å komme i gang. Slikt initiativ bør læraren prøve å oppmuntre, og han må ha som mål å gjere elevane så sjølvstendige at dei kan makte å hente idear og setje dei ut i livet uavhengige av påverknad og hjelp frå andre. Men til dagleg kan ikkje læraren alltid vente at elevane, når formingstimen er der, spontant skal ha eit uttrykksbehov. Dei må ofte motiverast ved ei innføring i oppgåva eller arbeidsområdet: ei forteljing, eit eventyr, ein samtale i klassen, bilete eller film, musikk, dramatisk verksemd, ekskursjonar. Emnet blir aktualisert, gamle minnebilete friska opp og knytte til nye, og elevane får - om motiveringa lykkast - lyst til å forme. Undervisningsemne i skolen kan løyse ut formingsaktiviteten. Når læraren legg fram stoffet og elevane studerer det, blir det skapt behov for å gje det synleg form i formålstenleg materiale. Materialet kan i seg sjølv vere så interessevekkjande at det er utfordring nok, særleg dersom det er nytt for elevane. Det kan vekkje fantasi eller innby til eksperimentering, og kanskje gjere anna motivering overflødig. Ein teknisk vanske kan også engasjere,
Skann 239 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 237». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/239/