SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 239 skann 241

239 alle skolefaga i ei større gruppe elevar. Forming og andre uttrykksfag blir da gjennom ein årsplan integrerte i ei samla emneundervisning, der ulike arbeidsvilkår og ulike arbeidsplassar til kvar tid står opne for elevane. Lærar - elev. Eleven møter fleire lærarar i formingsarbeidet, og han bør vente å få formspråket sitt godteke hos dei alle. Dialogen mellom lærar og elev får ofte preg som ein fortruleg samtale. Læraren prøver å setje seg inn i eit problem slik eleven opplever det, kjem med spørsmål eller nye problem, og hjelper dermed eleven til å komme vidare. Det er lite vunne ved det at læraren løyser problemet for eleven, eller prøver å påverke han etter eigen smak. Han må heile tida oppmuntre eleven til sjølv å klare vanskane. Ofte kan nokre hyggelege ord, gjerne ein rosande omtale av ein detalj eleven har løyst, vere nok. Her legg læraren vekt på å finne fram til nettopp dei detaljane som eleven har løyst sjølvstendig og i samsvar med si eigenart. Slik kan læraren oppmuntre han til å gå laus på problema på sin måte, og gje han lyst og mot til å halde fram. 1.-3. årssteg. I førskolealderen finn barnet uttrykk for opplevingar og fantasi gjennom ulike former for skapande verksemd. Dette kjem spontant ut frå lyst og behov, ofte utan motivering frå andre. I formingsundervisninga på 1.— 3. klassesteget skal ein først og fremst ta sikte på å bevare slik lyst og evne. Elevane må frå første stund få kjensla av at deira naturlege formspråk blir akseptert av læraren. Men like viktig er det at læraren tidleg i første skoleåret orienterer dei føresette om formingsundervisninga og om formspråket til barnet. Da kan dette formspråket lettare bli godteke og forstått også heime hos barnet. På 1.— 3. årssteget er aktivitetstrongen sterk, og det kan derfor å sjå til vere lett å finne arbeidsstoff. Likevel må læraren vurdere valet sitt. Ein føresetnad for verdfull formingsaktivitet er engasjement og oppleving. Elevane lykkast best når dei får gje uttrykk for noko dei er opptekne av. Emna bør ha nær tilknyting til elevane sjølv. Barna lever mykje av tida si utanfor skolen. I leik og fritid heime og ute blant kameratar er dagane fulle av opplevingar, som kan bli gode utgangspunkt for formingsarbeid. I undervisninga på skolen og i livet i skolesamfunnet far elevane også inntrykk og haustar røynsler som dei bør fa gje uttrykk for i skapande aktivitet. I dei første åra går forming inn som ein naturleg del av ei samla undervisning. Emne som elevane er opptekne av, frå kristendomskunnskap, heimstadlære, norsk eller musikk, er verdfullt arbeidsstoff i forming. Når elevane far gje inntrykka sine ei synleg form, blir også det aktuelle stoffet klårare for dei og gjev dei ei djupare oppleving. Alt frå første skoleåret er det stor skilnad i utviklingsnivå. Læraren skal møte eleven på det nivået eleven står på, og prøve å leie arbeidet slik at alle far høve til å utvikle seg. Derfor må undervisninga bli individualisert. Ofte er ei felles innføring - i klasse eller gruppe - det mest naturlege. Men kvar elev må fa løyse oppgåva på sin personlege måte, og læraren må gje individuell rettleiing. Somme elevar har i høve til alderssteget ei svært enkel uttrykksform, andre syner eit rikt og variert formspråk. Somme er dristige, andre famlande og forsiktige. Somme er sakleg forteljande, andre meir ekspressive; somme har utprega sans for dekorative verknader. Einskilde elevar er særleg glade i klisjear som dei har lånt frå dei vaksne, frå større barn, frå teikneseriar osv. Mange barn trur at uttrykksforma til dei vaksne er betre enn deira eiga. Med individuell rettleiing og med å vurdere dei ferdige arbeida skal læraren gjere det klårt for eleven at det er hans eige uttrykk som er verdfullt. Læraren i det første skoleåret har ei særleg ansvarsfull oppgåve her, fordi han representerer det første møtet barna får med skolen, og holdninga hans kan bli grunnleggjande for arbeidet deira vidare. Det bør ikkje gå lang tid før elevane får øving i samarbeid. I byrjinga er samarbeidet det at elevane hjelper kvarandre, eller at dei kvar for seg lagar noko dei skal bruke i eit gruppe- eller klassearbeid. Dei kan t.d. lage kvar si teikning, som dei eventuelt klipper ut og klistrar på eit felles ark. Dei kan lage figurar i plastilin, i leire eller av restmateriale og la figurane saman gje ei, meining. Dei bør arbeide i små grupper og bli oppmuntra til å drøfte oppgåvene. At elevane får oppleve å høyre til ei gruppe der dei har ei oppgåve saman, medverkar til å gje dei ei kjensle av fellesskap. Etter kvart kan da arbeidet fa meir preg av samarbeid i vidare meining. I alle gruppe- og klassearbeid bør læraren oppmuntre elevane til sjølv å plassere bilete og ting i fellesarbeidet, utan hjelp frå læraren. Såleis kan ofte eit verkeleg samarbeid utvikle seg. På grunnlag av dei observasjonane læraren har gjort under arbeidsprosessen, må han vurdere om emneval, motivering og arbeidsordning har vore heldig for klassen og for den einskilde eleven. Ein slik analyse har stor verdi for planlegginga vidare.
Skann 241 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 239». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/241/