SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 21 skann 23

21 Samarbeid i skolen Samarbeid mellom einskilde personar og grupper. Medansvar for alle. Lærar - elev. Elev - elev. Samarbeid i undervisninga. Trivsel i skolesamfunnet. Utviding av elevane sitt ansvar. Sholedemokrati i praksis. Verksemda på skolen er avhengig av samarbeid mellom einskildpersonar og grupper. Vilje til godt samarbeid, bygd på gjensidig respekt, er ein føresetnad for at skolen skal kunne utføre oppgåva si på ein tilfredsstillande måte. Alle som har skolen som arbeidsplass, må fa kjenne at dei er medansvarlege og har innverknad på sin eigen arbeidssituasjon. Derfor må samarbeidet i skolen byggje både på det innsyn og den røynsle det vaksne mennesket har, og ideane og meiningane til den unge generasjonen. Nær kontakt mellom einskildpersonar og grupper er ein føresetnad for samarbeid. Det daglege arbeidet i skolen gjev lærar og elevar mange høve til kontakt og tiltru. Samtale mellom lærar og elev må fa brei plass i det daglege arbeidet. Samtalen skal styrkje kjensla av samhald, uavhengig av standpunkt og vurderingar. I det daglege arbeidet med fagstoffet vil eit meir systematisk organisert samvirke mellom elevane ha stor verdi både for deira faglege og sosiale utvikling. Ein elev som opplever eit samarbeid med lærar og medelevar i undervisninga, vil stå sterkare rusta til å drøfte andre sider ved skolesamfunnet enn ein elev som opplever ei autoritær, lærardominert undervisning. Møtet mellom elev og lærar er avgjerande for utviklinga av demokratiske samarbeidsformer. Utan gjensidig velvilje og forståing, respekt og godkjenning kan ein aldri med reglement og instruksar skape eit tilstrekkeleg grunnlag for god kontakt. Samarbeidet i skolen må ikkje avgrensast til visse aktivitetar, personar eller grupper, men må prege det daglege arbeidet. Eit godt samarbeid er eit viktig mål i seg sjølv. Samstundes skaper det betre vilkår for trivsel for alle. Trivsel byggjer først og fremst på ei kjensle av fellesskap med andre menneske, der den einskilde kjenner at andre har omtanke for han, og at han sjølv er villig til å kjenne ansvar for andre. Omsorga for det einskilde individ i skolesamfunnet er ei felles oppgåve for alle som arbeider i skolen, og vedkjem ikkje berre visse personalgrupper. Elevane sitt ansvar må utvidast gradvis. Formene for den innverknad og det ansvar elevane har når dei skal velje lærestoff og arbeidsmåtar, må rette seg etter alder og føresetnader. Det ansvaret elevane har for seg sjølv og sine omgjevnader, må auke i takt med mognad og røynsle. Det må vere naturleg at elevane i klasse- og elevråd tek opp dei forhold og problem som dei ynskjer å drøfte. Ein viktig faktor for trivsel i skolesamfunnet er at ein tek elevane med på råd når ordensreglane for skolen skal utarbeidast. Ordensreglane bør takast opp til ny vurdering minst ein gong i året. I samband med dette bør klassestyraren .drøfte ordensreglane med elevane. Dette vil motivere elevane til å halde seg til fastsette reglar og føresegner. Lova inneheld føresegner om ymse samarbeidsorgan i skolen. For å skape eit godt miljø må ein og syte for at desse organa får så gode arbeidsvilkår som mogeleg. Skal elevane kjenne at dei er medlemmer av eit demokratisk samfunn, må dei få reell innverknad på dei område og innanfor dei grenser som er sette opp i lov og reglement. Det vil seie at ein i mange situasjonar må vere villig til å prøve løysingar og fram-
Skann 23 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 21». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/23/