SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 236 skann 238

Forming MÅL Undervisninga i forming skal ta sikte på praktisk dugleik og styrkje sansen for kvalitet, - å gje vekstvilkår for fantasi, estetisk kjensle og evne til å oppleve, - å leggje forholda til rette for kontakt med kunst og formkultur, og vekkje interesse og medansvar for utforminga av miljøet. - å halde oppe og stimulere gleda ved skapande verksemd, - å utvikle evna til å gje uttrykk for tanke og fantasi i synleg form, øve opp LÆRESTOFF Den skapande verksemda må vere det sentrale i formingsundervisninga. Skolemiljøet bør engasjere elevane så sterkt gjennom opplevingar og problemstillingar at det blir eit behov å få utløysing ved å uttrykkje seg i synleg form. Elevane opplever da verket som sitt eige, og vil sjølv krevje kvalitet i arbeidet, så langt dei ser og maktar. Å lære meir og bli flinkare blir da meiningsfylt. Etter kvart set elevane stadig større krav til utføringa. Dersom dei for sterkt opplever at den ikkje held mål, går det gjerne ut over mot og skaparglede. Læraren skal førebyggje slike nederlag ved i tide å leggje opp eit allsidig formingsprogram. Også for individualisert formingsarbeid med utspring i emneområde er det bra om elevane har stor breidd i sine formingsrøynsler. Da kan dei meir sjølv velje formålstenleg uttrykksmåte. I formingsundervisninga er det lett å integrere oppgåver med spesielt samisk særpreg. Det er viktig at dei samiske elevane får arbeide med stoff dei kjenner frå før, eller som dei lett kan overføre til kjent miljø. Når undervisninga såleis har klar tilknyting til kjent miljø for dei samiske elevane, vil ikkje skolen medføre så skarpt brot med heimemiljøet deira. I det daglege skolemiljøet må elevane få møte - anten i original eller i god attgjeving - kunst og formkultur frå skiftande tider og stader, folkekunst, arkitektur, brukskunst og design, målarstykke, grafikk, skulptur. Vår eiga tid må få brei plass. I samiske busetnadsområde må elevane få høve til å sjå samlingar eller einskildting av god samisk kunst og brukskunst. Når elevane arbeider med form- og fargeproblem, far dei betre føresetnader for kontakt med uttrykksformene til andre. Formande arbeid og drøfting av det gjev også elevane grunnlag for å erkjenne og oppleve kvalitet, i klede og bruksting, hus og interiør, slik at dei betre kan velje mellom dårlege og gode tilbod. Der det er mogeleg, bør ein integrere forming og heimkunnskap. Læraren må vere varsam så han ikkje med forklaringane sine stengjer for personleg oppleving og sjølvstendig vurdering hos elevane på desse områda. Ansvaret for miljøet byrjar i den nærmaste omgjevnaden, klasserommet og skolen : Kva kan vi gjere for at det skal bli vakrare omkring
Skann 238 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 236». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/238/