SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 229 skann 231

229 Større skolar eller fleire skolar i fellesskap bør organisere orkester. Besøk hos lokale kor og orkester kan stimulere musikkinteressa. Ein bør fa i stand samarbeid mellom den vanlege musikkundervisninga i skolen og den frivillige musikkopplæringa ein kan fa, t.d. i kommunale musikkskolar. I mange tilfelle kan ein samarbeide om innkjøp og disponering av instrument og anna musikkutstyr. Eit slikt samarbeid vil ofte vere nyttig også når det gjeld lærarkrefter. Skolekonsertar Skolekonsertar bør gå inn som ein naturleg del av musikkundervisninga i skolen og bli eit viktig innslag når det gjeld lyding og musikkoppleving. Konsertane kan haldast av elevar og lærarar ved skolen eller av musikarar utanfrå. Opplegget av konsertane bør variere, slik at dei ikkje blir stereotype. Det kan ofte vere nyttig å mykje opp den konvensjonelle konsertforma, t.d. ved å aktivisere tilhøyrarane under sjølve konserten (song, rytmeklapping, dialog) . Når ein arrangerer skolekonsertar, må ein prøve å finne ein rimeleg balanse mellom oppleving og musikkopplæring. Sjølv om konsertane er eit ledd i undervisninga, må ikkje kunnskapsmomentet få slike dimensjonar at det reduserer den spontane musikkopplevinga. Skolekonsertar kan leggjast opp slik at ein del av programmet gjev høve til føre- og etterarbeid i musikktimane på skolen. Det bør utarbeidast materiell til dette formålet. Skolekonsertane bør variere i omfang og genre. Både solistar og ulike grupper bør fa sleppe til, likeins større ensemble og orkester. Ein bør og skifte mellom vokal og instrumental musikk. For å kunne gje elevane rikare og meir varierte konserttilbod, bør ein oppmuntre til samarbeid mellom musikkreftene ved skolen, lokale og kommunale instansar. LÆREMIDDEL Oversikta omfattar læremiddel som ein treng for å gjennomføre læreplanen. Læremiddel ut over dette må rette seg etter reelle bruksbehov. Krava til læremiddelsamling vil stort sett vere dei same på barnesteget og ungdomssteget. Instrument: Piano av god kvalitet. Kor mange instrument må rette seg etter kor stor skolen er. Blokkfløyter: Sopranfløyte til kvar elev. Høveleg mange alt- og tenorfløyter til kvar klasse. Bassfløyter til disposisjon for lærarane. Stavspel og rytmeinstrument: Stavspel som høyrer med i eit Orff-instrumentarium: tavleklokkespel , sopran- og alt-klokkespel, sopran- og alt-xylofon, sopran- og alt-metallofon. Vidare utbygging av Orff-instrumentariet rettar seg etter bruksbehovet. Klassesett av rytmeinstrument som omfattar : paukar — ulik tonehøgd, handtrommer, tamburinar, cymbalar, triangel — minst to tonehøgder, treblokk, slagstavar (Cleaves), kastanjettar, maracas. Gitarar: Gitarar til disposisjon for lærarar som underviser i musikk. Gitarar til disposisjon for elevane. Instrument til demonstrasjon/utlån: Ved skolar som ynskjer å organisere «band», ensemble, korps, orkester, bør ein stille til disposisjon instrument i samsvar med det reelle bruksbehovet. Skolane bør prøve å byggje ut ei variert samling instrument, gjerne i samarbeid med andre skolar, servicesentralar og den frivillige musikkopplæringa. Lærebøker, handbøker, notemateriell: Lærebok i musikk til kvar elev Songsamling og spelebok til kvar elev. Klassesett av songbøker/visebøker. Klassesett av aktuelle spelebøker. Klassesett av lydemateriell, partitur m.m. Høveleg notemateriell til samspel/song. Arbeidsbøker. Instrumentalskolar etter behov. Tonesamlingar, koralbok. Musikarbiografiar. Naudsynte handbøker for lærarane. Bilet- og lydmateriell: Rytmeplansjar — eventuelt med grammofonplater. Instrumentplansjar og/eller biletband av musikkinstrument. Transparentar for spegelprosjektør, biletband, dias - eventuelt med grammofonplater
Skann 231 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 229». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/231/