SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 228 skann 230

228 binasjon av song og spel, rørsleleikar m.m. Bruk av tilstøytande grupperom kan effektivisere opplegg der ei eller fleire elevgrupper skal førebu eigne innslag i ein musikktime, til eit foreldremøte eller til andre høve. Ei rekkje individuelle oppgåver kan tilmåtast givnad og dugleik hos elevane. Døme på slike oppgåver er : improvisasjon og andre solistoppgåver, å førebu akkompagnement, demonstrere instrument, presentere eit musikkstykke, elevforedrag. Det er viktig at ein tek omsyn til sterke og veike sider hos elevane på ulike område, både når ein skal setje saman grupper og fordele individuelle oppgåver. Særleg bør ein passe på å la musikalsk sikre elevar hjelpe dei som er rytmisk og/eller tonalt svakare. Musikk og andre fag Det vil alltid vere kontakt mellom musikk og andre fag gjennom songen, som kan vere eit godt variasjonsmiddel i alle undervisningssituasjonar. Men ein bør og få i stand ei meir planfast koordinering. Undervisningsopplegget bør gje plass til emne som samlar stoff frå fleire fag, og der musikk kan komme med som ein naturleg del. På lågare klassesteg vil musikken i slike samanhengar for ein stor del fungere som uttrykksmiddel (ved dramatisering) eller som illustrerande stoff (songar). På høgare steg vil musikk oftare vere ein del av det orienterande stoffet (stilperiodar, kultur- og folkeliv) . Ved sida av større opplegg som omfattar fleire fag, kan det vere aktuelt å koordinere musikk med andre fag kvar for seg. Her finst det ei rekkje kontaktpunkt. Musikkopplæringa kan hente viktige impulsar frå andre fag, og musikkarbeidet kan sjølv gje verdfulle tilskot til anna fagopplæring. Nedanfor er det for dei einskilde faga peika på ein del moment som kan utnyttast med tanke på koordinering. Kristendomskunnskap: Salmar og songar. Melodiar bør i stor mon øvast inn i tilknyting til tekstgjennomgåing. Innføring i kyrkjemusikk ved døme frå musikkhistoria. Norsk: I førebuande leseopplæring; lyding, skilje vokalar og konsonantar ved song og rørsle. Ord, rim og regler gjev høve til øving i tonedanning, melodisk improvisasjon og rytmearbeid. Lyrikk og drama. Romansar, opera og programmusikk. Dikt som motiveringsmiddel for å øve inn melodiar og utvide kjennskapen til komponistar og miljøet deira. Musikk til eventyr. Folkevisene i litterær og musikalsk samanheng. Heimstadlære: Songstoff; trafikkviser, songar om plantar og dyr, om årstidene, songar til høgtider og festdagar, songar frå framande land. Dramatisering av eit eventyr, folkevise eller anna stoff, musikk som middel til å skape stemning og variasjon. Framandspråk: Songstoffpå vedkommande språk. Samfunnsfag: Musikalske illustrasjonar av historiske hendingar og tidsavsnitt, land, folk, sed og skikk. Folkemusikk og folkeinstrument frå ulike land og frå ulike kulturområde. Naturfag: Emne med tilknyting til musikk; akustikk, korleis stemmeorgana er bygde og fungerer. Forming: Musikk som motiveringsmiddel for formingsoppgåver; korte karakterstykke med eller utan tittel, opera, romansar, programmusikk, moderne seriøs musikk som ved klang og dynamikk appellerer til fantasering i form og farge. Framstelling av enkle musikalske former. Stilperiodar. Lage instrument (rytme- og strengeinstrument). Dokketeater. Kroppsøving: Musikk og rørsle. Rytmiske aktivitetar. Melodi, klang og dynamikk uttrykt med rørsler. Folkeviseleikar. Koordinering med andre musikktiltak Musikkundervisninga kan fa ein verdfull stimulans ved samarbeid og kontakt med andre musikktiltak, både på sjølve skolen og i samarbeid med frivillige musikktiltak utanom skolesamfunnet. Ein bør skipe songkor på tvers av klassegrensene både på barnesteget og ungdomssteget. Alle skolar bør organisere samspelgrupper, slik at elevar med lyst og anlegg kan fa vere med i grupper og løyse ulike oppgåver.
Skann 230 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 228». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/230/