SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 227 skann 229

227 soloinstrument til improvisasjon, akkompagnement til songar, som melodiførande instrument og til å utføre stemmer i større instrumentalstykke og fleirstemmige songar. Instrumentet er og eit ypparleg hjelpemiddel i arbeidet med pusteteknikk, gehørtrening og samspel i større grupper. Ein del av dei vanlegaste orkesterinstrumenta går godt saman med stavspel, blokkfløyter og rytmeinstrument. Dette gjeld og strengeinstrument som gitar, mandolaika og mandolin, som er høvelege pedagogiske støtteinstrument. Ein bør nytte ut dei instrumentalistane som finst i kvar klasse, og talenta kan og få oppgåver i samarbeid på tvers av klassegrensene. Det viktigaste formålet med instrumentalopplæringa er å gje elevane høve til å oppleve musikk gjennom eigen musikalsk aktivitet. På dei høgare klassestega legg ein etter kvart noko mindre vekt på den pro- duserande delen av verksemda og lét elevane prøve seg meir på attgjeving. Rørsle Barn har ein naturleg trong til å røre på seg, og dei gjer ofte rørslene spontant. Rørsler til musikk gjer musikkopplevinga rikare og fremmar den musikalske utviklinga. Trongen til rørsle blir ofte framkalla av ytre lydpåverknader. Lydkjelder kan t.d. vere kjende låtar frå naturen eller lydar frå miljøet kring barna. Det kan og vere. komponert eller improvisert musikk som på ein særleg måte talar til fantasien og inspirerer til varierte rørsleuttrykk. Men rørsler til musikk kan lett bli tilfeldige. Ein må derfor gje elevane vink om kva dei skal lyde etter i musikken, om det er rytmiske, melodiske, dynamiske eller andre element som skal uttrykkjast med rørsle. Elevane må og bli kjende med korleis romog tidsfaktorane er avgjerande for karakteren av rørsla (store eller små rørsler, seine eller snøgge) . Etter kvart som rørslefantasien og evna til å lyde og leggje merke til blir utvikla hos elevane, tek ein meir av det musikalske stoffet med i arbeidet. Elementa i musikken gjev høve til mange slags leikar og oppgåver. Kvart barn må sjølv ta standpunkt til oppgåva og finne si eiga løysing. Målet er å kunne røre seg fritt i rommet utan å hindre andre i si frie utfalding. Slike øvingar vekkjer også sansen for frasar og periodar. Når barna rører seg i rommet, må dei etter kvart avmåte rørslene etter lengda på frasen, t.d. ved å stanse når frasen sluttar. Har dei først lært å høyre etter avslutninga på frasen, vil dei og kunne greie å oppfatte ei enkel musikalsk form. Musikalske former kan opplevast i leik der barna sjølv finn fram til ein ny måte å røre seg på for kvart avsnitt. Både rytme og dynamikk høyrer med til våre ytringsformer, og ein bør derfor arbeide med desse to elementa under eitt. Ei rik kjelde til oppgåver finn ein i dyreverda, naturen, dagleglivet og eventyrverda. Det er viktig at elevane opplever og oppfattar rytme og dynamikk som rørsle. Med rørsler kan ein uttrykkje og streke under det særmerkte i tungsindig musikk, høgtideleg, grotesk, lett, munter musikk osv. Også musikalske stemningsbilete og skildringar av meir konkrete fenomen kan gje stoff til karakterteikning i rørsler. i I det melodiske arbeidet bruker ein og rørsle som aktiviseringsmiddel. Særleg er det nyttig i samband med meloditeikning, tonetrapp 0.1., der ein med rørsler kan styrkje forståinga av tonehøgd og stiging og fall i melodien. Etter kvart kjem rørsla som arbeidsform meir i bakgrunnen, men ved hjelp av røynsler frå rørslearbeidet i rommet kan barnet gå vidare til aktivitetar der ein tek «kroppsinstrumenta» meir medvite i bruk. Gjennom knips, klapp, slag og tramp opplever elevane eit rytmisk mønster før dei får eit visuelt bilete av dette mønstret. Arbeidet skjer dels ved at elevane tek opp att mønster etter læraren, dels ved at elevane sjølv får improvisere. Enkle øvingar i taktering bør heile tida vere ein naturleg del av rørslearbeidet. Takteringa bør meir ta sikte på det musikalske uttrykket enn på korrekt attgjeving av taktfigurar. Elevane kjem tidleg i kontakt med kjende songleikar, og dette må ein nytte ut og byggje vidare på. Dramatisering av høvelege tekstar i pantomime og enkle steg gjev høve til verdfull koordinering av rørsle og andre aktivitetar. Differensiering Klasseeininga er ramma om dei fleste aktivitetane i musikkfaget. Dette vil likevel ikkje seie at alle elevane alltid skal arbeide med dei same oppgåvene. Lydestoff og orienteringsstoff vil nok i stor mon bli gjennomgått i samla klasse, men både song, spel, rørsle og spesielle gehørøvingar byr på mange høve til variasjon når det gjeld gruppering av elevane. I desse aktivitetane vil det og i mange tilfelle vere direkte behov for stadig skifting mellom klasse-, gruppeog individuell opplæring. Større oppgåver må ofte delast, og deloppgavene bør da gå på omgang. Døme på slike oppgåver er: fleirstemmig song, spel på rytme- og melodiinstrument, kom-
Skann 229 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 227». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/229/