SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 20 skann 22

20 omsynet til eleven, spørsmålet om kvar og korleis han kan fa den best tilpassa undervisninga, avvegast mot omsynet til dei andre elevane i skolen. Utfallet av denne vurderinga vil blant anna vere avhengig av kva for bygningar og utstyr og personalressursar skolen har. Kontakten med heimane Kontakt med dei føresette til eleven. Eit godt og tillitsfullt forhold mellom skolen og dei føresette til elevane er eit vilkår for at skolen skal lykkast i arbeidet sitt. Det er derfor viktig at skolen gjennom lærarane så tidleg som mogeleg kjem i kontakt med heimen til elevane. Ansvaret for at den første kontakten mellom heim og skole kjem i stand, kviler på skolen. Det er klassestyraren som bør ta initiativet til ein slik kontakt ved beinveges å vende seg til dei føresette åt eleven. Personleg konferanse. Samtale om den einskilde eleven må skje i ein personleg konferanse. Dei føresette må få vite at det dei fortel om forholda barnet lever under heime, ikkje kjem vidare utan at dei sjølv gjev løyve til det. Open tale. Samarbeid krev open tale frå begge kantar. Ein må kunne ta opp både positive og negative forhold når den eine parten ynskjer det, og problemet må ikkje leggjast til side i påvente av tilfeldige høve eller organiserte møte. Klassestyraren - hovudkontakten. Det er viktig for alle partar at hovudkontakten skole - heim er knytt til éin person, og da helst til klassestyraren. Det er uheldig om elev og føresette må vende seg til fleire personar ved skolen for å få drøfta eitt og same spørsmål. Formell og uformell kontakt. Skolen held den formelle kontakten med føresette og med overordna styremakter gjennom organ som foreldreråd, samarbeidsutval og skolestyre. Dessutan må ein ta vare på og utvikle vilkåra for uformell kontakt med både føresette, skolestyret og skoleadministrasjonen. Organisering av kulturtiltak. Til den vanlege undervisninga er skolen i bruk berre ein del av dagen. Jamvel om ein tek omsyn til at det trengst ei tid til reingjering og vedlikehald, vil det likevel seie at lokale og utstyr står übrukte i mange timar kvar dag. Det må bli ei sak for kvar einskild skolekrins å finne fram til korleis skolen skal kunne brukast til fritidsaktivitetar, klubbverksemd, frivillig undervisning og andre kulturtiltak. Det er grunn til å understreke at på dette området finst det mange høve til å utvide kontakten mellom elev, heim og skole, og at dei føresette og skolen har felles oppgåver og ansvar her og.
Skann 22 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 20». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/22/