SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 226 skann 228

226 songen, slik at det kan skapast ein god atmosfære kring tekst og melodi. Det er viktig at elevane lærer å syngje med variert uttrykk. Når ein øver inn nye songar, bør ein vere varsam med å bruke instrument, da klangfargen gjerne vik sterkt av frå stemmene til barna. Ofte vil stemma til læraren vere betre som støtteinstrument under innøvinga. Akkompagnement til song bør vere enkelt og tilpassa karakteren i songen. Til akkompagnement bør ein bruke varierande instrument. Klassen er ei naturleg koreining, som kan syngje unisont eller fieirstemmig. Forma kan varierast ved inndeling i grupper med små innslag av solistar og solistgrupper. Ikkje på noko steg bør den fleirstemmige songen fortrengje den unisone. Kanonsongar høver likevel svært godt på alle klassesteg. Klang- og harmonibiletet kan gjerast meir interessant ved at ein lét instrument overta ei eller fleire stemmer i ein kanon eller fieirstemmig song. Eit av vilkåra for god stemmeklang er at læraren kan skape trivsel og avspenning. Ved å vere førebilete og med hjelp av flinke elevar skal han vise kor viktig god syngjestilling, pusteteknikk, toneansats, resonans og artikulasjon er for ein mjuk og vakker klang. Ein må alltid vere merksam på stemmeomfanget til elevane, slik at toneomfanget i songane ligg til rette for fleirtalet av elevane. Stemmeskiftet fører med seg spesielle problem, men i dei fleste tilfelle kan elevar i stemmeskiftetida ha stort utbyte av å vere med i samsongen. Ein bør likevel ta spesielle omsyn til toneomfang, styrkegrad 0.1. Transponering nedover kan vere nødvendig. Dei elevane som har vanskeleg for å syngje reint, har ofte med urette vorte stempla som umusikalske. Mange kan syngje bra innanfor det toneområdet som dei meistrar. Transponering opp og/eller ned kan derfor vise seg å vere effektivt også når det gjeld å utvide toneomfanget hos desse elevane. Song i mindre grupper kan og vere utviklande for slike elevar. Individuelle songøvingar kan organiserast som vekselsong (spørsmål /svar) og gje læraren betre greie på kvar eleven står sterkt eller veikt. Stemmeklang, stemmevolum og stemmeomfang utviklar ein med øvingar i tilknyting til songstoffet. Tonedanningsøvingar bør ein ikkje drive isolert. Bruk av talestemme kan og gje gode høve til å øve inn tydeleg artikulasjon, naturleg stemmeleie, volum osv. På same måten som i song kan ein la solistar og solistgrupper skifte med unisont talekor. Rim og regler, små vers og enkle songtekstar lesne i melodirytme gjev godt materiale til ryt- miske talekor. Ein prøver å leggje vekt på uttrykk og engasjement, og kvar elev får nytte sitt naturlege stemmeleie. Det er ingen grunn til å tvinge igjennom ein felles «lese tone». Instrumental aktivitet I det grunnleggjande arbeidet nyttar ein kroppen sine eigne «instrument» med knips, klapp, slag og tramp. Rytmemønstra veks ut av tekst og grunnrytme i ord, ordtak, rim, regler og songar. Delar av ein tekst kan trekkjast ut og nyttast av større eller mindre grupper som eige materiell eller som akkompagnement. Det ein «spelar» med «kroppsinstrumenta», kan etter kvart førast over til vanlege rytmeinstrument. I førstninga bør rytmeakkompagnement skje i form av enkle rytmemønster som ein stadig tek opp att (ostinato-prinsippet) . Etter kvart fører ein arbeidet vidare mot meir variert akkompagnement til song og instrumentalstykke. Rytmeorkestret lagar seg naturleg som ei vidareføring av det enkle rytmeakkompagnementet ved at ein gradvis fører inn fleire instrument og varierande rytmemønster. Instrumentteknikken utviklar ein med høvelege forøvingar, slik at spelet blir fritt og avspent og med naturlege og harmoniske rørsler. I rytmeorkestret er samspelet det primære målet og - rett brukt - eit godt hjelpemiddel til å øve opp konsentrasjon, reaksjon og lydeevne. Ved å bruke rytmeinstrument kan elevane på ein aktiv måte bli kjende med musikk som dei ikkje kan makte å spele på annan måte. Rytmepartitur er her eit godt hjelpemiddel, men elevane bør meistre ein viss instrumentteknikk før dei gjev seg i kast med å spele etter rytmepartitur. Parallelt med det grunnleggjande rytmiske arbeidet fører ein inn forøvingar til spel på melodiinstrument. Øvingane bør leggjast opp slik at det blir ein naturleg overgang til melodispelet. I førstninga høver det godt å nytte ulike typar av stavspel, som ein spelar med køller. Ei god forøving til dette er t.d. slag på knea. Akkompagnement på stavspel byggjer i første omgang på ostinato-prinsippet. Akkompagnementa blir mest mogeleg utforma av elevane sjølv, og etter kvart som dugleiken veks, tek ein også i bruk ferdiglaga arrangement. Ein byrjar med få instrument, °g bygg) er ut instrumentariet gradvis. Ved sida av å vere eit høveleg instrument til akkompagnement kan stavspelet brukast som melodiførande instrument og som ledd i kombinasjonar med andre instrument. Blokkfløyte bruker ein i grupper og som
Skann 228 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 226». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/228/