SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 225 skann 227

225 rørsle impliserer at ein lyder. Ofte vil ein elev syngje samtidig med at han uttrykkjer seg i rørsler. Også i samband med spel vil ein gjerne fa rørsle i ei eller anna form. Alt arbeid bør ha som siktepunkt at elevane skal oppleve musikk ved registrering, skaping og gjenskaping, vurdering og orientering. Registreringa skjer vesentleg ved aktiv lyding, det skapande arbeidet i improvisasjon og omarbeiding. Gjenskaping skjer i arbeid med oppgjeve materiell, og vurderinga knyter ein i første rekkje til eige arbeid. Kunnskapstileigninga skjer både ved aktiv musisering og ved orientering. Lyding Ei viktig side ved musikkundervisninga i skolen er å lære elevane til å bli gode lydarar, å skape gode lydevanar og eit aktivt forhold til musikken. Elevane må fa høve til sjølv å gjere oppdagingar gjennom ulike former for musikkoppleving. Det er viktig å få barnet til å oppleve stilla, slik at det ven seg til å oppdage lydar og registrere lydkjelder. Dette er eit vilkår for å «høyre» musikk, og dermed eit grunnlag for rikare musikalsk oppleving. I dei første åra vil det i stor mon vere til musikk som ein sjølv lagar, at ein lyder medvite. I denne samanhengen dreg ein alle elementa inn i det skapande arbeidet. Oppgåva til læraren blir i første rekkje å leggje tilhøva til rette for ei interessant oppdagarferd i musikkverda. Lydinga kan gripe inn overalt og kombinerast med andre musikalske aktivitetar. Ein stor del av lydinga vil knyte seg til musikk frå platespelar og bandopptakar. I tillegg til det kjem skolekonsertane, der ein får levande musikkeksempel. Ein bør førebu elevane, t.d. ved å gjennomgå eit tilrettelagt 15. Mønsterplan. Nyn. materiale, slik at dei far størst mogeleg utbyte av eksempla. Ein kan lyde etter ulike stemningar, motiv, tema og melodiar, rytmemotiv og rytmemønster, tonearter, instrument og stemmer, form og harmoni. Ved varierte lydeoppgåver prøver ein å utvikle konsentrasjonsevne og oppdagarglede. Arbeidet med detaljar må likevel ikkje gå ut over heilskapen. Det må vere balanse mellom den estetiske og den intellektuelle sida av musikkopplevinga . Det finst mange ulike måtar å presentere musikkeksempla på, og i kvart tilfelle må ein ta standpunkt til kva for presentasjonsmetode som er den beste, alt etter korleis eksemplet og hovudsiktemålet med lydearbeidet er. Utgangspunkt for presentasjon av lydestoff kan vere : tittelen på musikkstykket, opplysningar om komponist og komposisjon, dikt/forteljing/bilete som komposisjonen er bygd over, tema, form, instrument/stemme, instrumental eller vokal utforming, kjende solistar. Musikkeksempla bør vere korte, men ein må og kunne bruke utdrag av større verk. Ymse slag lydepartitur kan vere gode hjelpemiddel i arbeidet. Vokal aktivitet Stemma er det naturlegaste musikalske uttrykksmidlet. Den vokale aktiviteten må derfor ha ein sentral plass i undervisninga på alle steg. Same kva form ein gjev klassesongen, må lysta til å syngje vere utgangspunktet i undervisninga. Utvalet av songstoff bør derfor vere allsidig og variert. Når ein skal øve inn og føre fram ein song, er det fleire moment å ta omsyn til. Det bør vere samanheng mellom teksten, det musikalske innhaldet og utforminga av songen. Særleg bør ein vere merksam på karakteren i
Skann 227 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 225». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/227/