SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 224 skann 226

224 Orienteringsstoff i samband med aktiv musisering: Musikkuttrykk som naturleg knyter seg til arbeidet i dei ulike disiplinane. Forutan dei som er nemnde før, t.d. andantino moderato, allegretto, marcato, a capella. Korleis dei vanlege orkesterinstrumenta ser ut, spelemåte, bruk, historikk. Korleis stemmeorgana er bygde og arbeider; stemmeskifte. Nokre representative komponistar og verka deira. Jfr. Lyding. Døme på emneområde under lærestoffet for 7.-9. klassesteget. 8.-9. klassesteget Lyding: Musikk frå ulike stilperiodar med hovudvekt på utviklinga i musikken. Gregoriansk song. Fleirstemmig song. Minnesong. Barokk. Wienerklassisisme. Romantikk. Impresjonisme. Jazz. Musikk frå vår eiga tid. Konsentrasjon om nokre få representative verk. Skolekonsertar med føre- og etterarbeid. Vokale aktivitetar: Vidareføring av arbeidet frå 7. klassesteget. Instrumentale aktivitetar: Vidareføring av arbeidet frå 7. klassesteget. Bruk av rytmeinstrument til akkompagnement av songar med meir særmerkt rytme. Rørsle: Vidareføring av arbeidet frå 7. klassesteget. Eldre stildansar. Spesielle gehørøvingar i samband med aktiv musisering: Rytme. Repetisjon og vidareføring av arbeidet frå 7. klassesteget. Nærmare gjennomgåing av ein del særmerkte rytmemønster. Melodi. Repetisjon og vidareføring av arbeidet frå 7. klassesteget. Klang. Repetisjon og vidareføring av arbeidet frå 7. klassesteget. Dynamikk. Bruk av dynamikk i ulike stilperiodar. Form. Elementær formanalyse av songar og instrumentalstykke. Orienteringsstoff i samband med aktiv musisering: Musikkuttrykk som naturleg knyter seg til arbeidet i dei ulike disiplinane. Forutan dei som er nemnde før, dolce, sostenuto, un poco, molto, con moto, energico, piu, meno, mosso. Representative komponistar frå ulike musikkperiodar. Jfr. Lyding. Døme på emneområde under lærestoffet for 7.-9. klassesteget. ARBEIDSMÅTAR Planlegging Når ein organiserer musikkundervisninga, bør ein skilje mellom musikalske aktivitetsformer og elementa i musikken. Eit gjennomgåande prinsipp i arbeidet må vere at elevane gjennom ymse aktivitetsformer kan bli kjende med dei ulike elementa. Med hovudelementa forstår ein rytme, melodi, klang, dynamikk og form. Desse elementa skal da gjerast levande gjennom aktivitetar som lyding, vokal og instrumental aktivitet, og rørsle. Alle aktivitetane høyrer med til gehørtreninga, for gehøret øver ein ved at ein lyder, syng og spelar og eventuelt stør opp under forståinga med rørsler. Undervisninga må ta utgangspunkt i aktivitetsformene, men det er viktig at ho blir allsidig og skiftande. Ein bør ikkje i lengre tid om gongen drive berre med song eller berre med lyding eller spel. Særleg på dei lågare klassestega må ein skifte mellom aktivitetsformene, også innanfor ramma av ein undervisningstime. På tilsvarande måte må alle dei musikalske elementa dragast inn i aktivitetane. Når ein planlegg lengre periodar, må ein syte for at arbeidet omfattar både rytmisk og melodisk stoff, klang, dynamikk og form. Skal ein kunne gje ei allsidig og variert musikkundervisning og dermed også ei tilfredsstillande gehørtrening, er det viktig å ha for auge korleis element- og aktivitetsformer kan kombinerast på mange ulike måtar. Skjemamodellen på neste side kan tene som illustrasjon. Når ein skal planleggje og gjennomføre undervisninga, må ein syte for å dekkje så mange kombinasjonar som mogeleg. Rytmearbeid skal t.d. skje både ved at ein lyder på rytmemønster, les og syng dei, spelar dei og rører seg til dei. Også når det gjeld det melodiske stoffet, må ein lyde, syngje, spele og uttrykkje seg i rørsler. Med klang, dynamikk og form er det på same måten. Det er vanskeleg å halde aktivitetane strengt frå kvarandre. Både song, spel og
Skann 226 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 224». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/226/