SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 222 skann 224

222 Orienteringsstoff i samband med aktiv musisering: Dei vanleg brukte musikkuttrykka som naturleg knyter seg til arbeidet i dei ulike disiplinane : Andante,, allegro, ritardando, a tempo, mezzo forte, pianissimo, fortissimo, bindeboge, unison, tutti. Kjende komponistar. Jfr. Lyding. Musikk og formtypar i samsvar med lydestofF. Døme på emneopplegg under lærestoffet for 4.-6. klassesteget. 5. klassesteget Lyding: Framleis arbeid med lydar og lydkombinasjonar. Norsk folkemusikk og folkemusikk frå grannelanda. Ein del orkesterinstrument. Komposisjonar av norske og nordiske komponistar. Komposisjonar frå vår eiga tid. Skolekonsertar med føre- og etterarbeid. Vokale aktivitetar: Unisone songar, kanonsongar, tostemmige songar. Viser. Salmar i tilknyting til undervisninga i kristendomskunnskap. Norske nasjonalsongar - salmar. Folkeviser og folketonar. Samiske joikar, nasjonale songar og salmar. Skandinaviske nasjonalsongar. Songar og folkeviser frå ymse land. Røystbruk og tonedanning som før. Instrumentale aktivitetar: Spel på rytmeinstrument og stavspel. Improvisasjon. Spel etter notar. Forme ut rytmepartitur og enkle arrangement. Innøving av ferdige arrangement. Stavspel og andre melodiinstrument til førespel, mellomspel, akkompagnement. Blokkfløytespel - solistoppgåver og spel i grupper. Klasseorkester, eventuelt med vokalgruppe. Rørsle: Vidareføring av arbeidet på 4. klassesteget. Spesielle gehørøvingar i samband med aktiv musisering: Rytme. 2-, 3-, 4-takt. Noteverdiane J J"3 J JJ72 «N.J; (J)J-(J>)o JTSJ^ Pauseverdiane £ -■*- *1 Rytmebilete, rytmekanon, rytmediktat, lmprovisasjon. Melodi. Framleis arbeid med utvida pentatonikk, kyrkjetonalitet, dur. Mollskala. Melodiske gehørøvingar og enkle melodidiktatar. Melodilesing. Prima vista-øvingar. Komposisjonsforsøk. Improvisasjon over enkelt akkompagnement. Klang. Vidareføring av arbeidet frå 4. klassesteget. Jfr. Lyding. Dynamikk. Vidareføring av arbeidet frå 4. klassesteget. Form. Som på 4. klassesteget. Variasjonsform. Orienteringsstoff i samband med aktiv musisering: Dei vanlege musikkuttrykka som naturleg knyter seg til arbeidet i dei ulike disiplinane. I tillegg til dei tidlegare nemnde, t.d. alla breve, accelerando, vivace, maestoso. Kjende komponistar. Jfr. Lyding. Musikk og formtypar i samsvar med lydestoff. Døme på emneopplegg under lærestoffet for 4.-6. klassesteget. 6. klassesteget Lyding: Framleis arbeid med lydar og lydkombinasjonar. Eigenskapane til lyden. Ein del orkesterinstrument. Kjende komponistar og komposisjonar, også frå vår eiga tid. Skolekonsertar med føre- og etterarbeid. Vokale aktivitetar: Unisone songar, kanonsongar, to- og trestemmige songar. Viser. Salmar i tilknyting til undervisninga i kristendomskunnskap. Folkeviser og folketonar frå Noreg og andre land. Samiske joikar, nasjonale songar og salmar. Songar frå framande land på originalspråket. Røystbruk, tonedanning som før. Ein legg vekt på stemmeskifteproblema. Instrumentale aktivitetar: Vidareføring av arbeidet frå 4.-5. klassesteget. Rørsle: Vidareføring av arbeidet frå 4.-5. klassesteget.
Skann 224 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 222». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/224/