SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 219 skann 221

219 Pause verdiane. Rytmekanon og rytmisk improvisasjon. Rytmediktat. Melodi. Korleis toneartene er oppbygde. Elementært om ulike tonalitetar og intervall. Melodiske gehørøvingar. Melodilesing i samband med songar og lydeeksempel. Melodidiktat og melodisk improvisasjon. Meir medvitne komposisjonsforsøk. Klang. Klangfarge frå ulike stemmetypar, instrument og vokale og instrumentale samansetningar. Nokre døme på spesielle klangverknader i nyare musikk. Hovudtreklangane. Dynamikk. Bruk av dynamikk i ulike stilperiodar. Form. Elementær formanalyse av enkle songar og instrumentalstykke . Ouverture, rondo, menuett, sonateform, symfoni og variasjonsform. Orienteringsstoff i samband med aktiv musisering: Dei mest brukte musikkuttrykka som naturleg knyter seg til arbeidet i dei ulike disiplinane. Eksempel i tillegg til dei som er nemnde i arbeidsplanane for dei seks første klassestega : A capella, dolce, sostenuto, un poco, molto, marcato, andantino, moderato, allegretto, con moto, religioso, energico. Korleis dei vanlege orkesterinstrumenta ser ut, spelemåte, bruk og historikk. Stemmeorgana - bygnad og funksjon. Stemmeskiftet. Nokre representative komponistar, særleg frå barokk, wienerklassisisme, romantikk og vår eiga tid. Døme på emneområde: Musikk og andre kunstarter i ulike stilperiodar. Salmen gjennom tidene. Vi førebur vespergudsteneste. Vi vitjar organisten i kyrkja. Ein kjend norsk komponist. Vi dramatiserer ei folkevise. Ein kjend opera (eventuelt operette eller musical). Hovudlinjer i utviklinga av jazzen. Popmusikk. Vi vitjar eit kor eller eit orkester. Vi førebur oss til skolekonsert. Aktuelle hendingar i musikklivet. Vi set opp eit program til eit musikkarrangement (visekveld, spel-sjølvkonsert, møte i elevlag o.l.). Vi fører fram eit syngjespel. Vi følgjer ein musikkserie i skolekringkasting eller skolefjernsyn. RETTLEIANDE ÅRSPLANAR 1. klassesteget Lyding: Registrering av lydar. Klangvariasjonar. Presisjons- og konsentrasjonsleikar. Musikkeventyr. Eksempel på musikkstykke som talar til fantasi og rytmekjensle. Lydeaktivitetar i tilknyting til rytme- og høyrelære. Aktuelle instrument. Skolekonsertar med føre- og etterarbeid. Vokale aktivitetar: Tradisjonelle barnesongar. Songleikar. Rim og regler. Enkle salmar. Songar med enkel melodisk og rytmisk oppbygging. Tekstuttale. Instrumentale aktivitetar: Kroppen som instrument: Tramp - slag - klapp - knips. Spel på rytmeinstrument og stavspel. Eventuelt blokkfløytespel i samsvar med tonal progresjon. Improvisasjon på rytme- og melodiinstrument. Rørsle: Utgangspunkt i songleikar, eventyr. Friform utan vekt på koordinering av rørslene. Etter kvart improvisasjon av rørslemønster og meir bundne rytmiske former. Spesielle gehørøvingar i samband med aktiv musisering: Rytme. Grunnrytme - melodirytme. Noteverdiane J J~3 (gå-løpenemningar). Rytmeøvingar i form av spørsmål og svar. Tekstrytmar. Improvisasjon. Enkle rytmediktatar - rytmenotasjon. Melodi. Registrere tonehøgder - tonerørsle. Ein tek til med store sprang - gradvis mindre avstand ned til liten ters. To tonar (også absolutte notenamn). Prima vista-øvingar. Notasjon, melodidiktatar. Komposisjonsforsøk med utgangspunkt i små tekstar. Improvisasjon. Klang. Klangfarge frå ulike lydkjelder og instrument. Jfr. Lyding.
Skann 221 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 219». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/221/