SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 218 skann 220

218 ritardando, a tempo, vivace, maestoso, mezzo forte, pianissimo, fortissimo, diminuendo, staccato, legato, bindeboge, prima/ seconda volta, unison, tutti, kryss, b, kvadrat. Kjende komponistar. Vanlege musikk- og formtypar : Opera, oratorium, symfoni, ouverture, konsert 0.1. Døme på emneopplegg: Seterlivet i musikken. Årstidene i musikken. Samisk folkemusikk. Dramatisering av ein ballade (ballade-opera). Syngjespel. Musikk i teatret. På konsert. I verkstaden til komponisten. Viseskatten i Norderlanda. Musikk frå Wien. Opera - operette - musical. Elvar i musikken. Fjellet i musikken. Musikk frå ulike land og epokar. Komponisten som tonearkitekt. Musikken i kyrkja. Jula i musikken. Påsken i musikken. Oratorium. Pasjon. Kjende songarar/instrumentalistar. Kjende marsjar - menuettar - valsar - operaer osv. Vi komponerer ein klassesong. Musikkprogram til framføring i andre klassar, på foreldremøte, elevsamling, skolegudsteneste 0.1. Vi følgjer ein musikkserie i skolekringkasting eller skolefjernsyn. Vi førebur oss til skolekonsert. 7.-9. klassesteget Siktepunktet er ikkje mykje forandra frå 4.-6. klassesteget. Framleis skal dei musikalske evnene til elevane utviklast gjennom aktiv musisering, men no med noko meir vekt på kvalitets- og stilforståing. Ein gjev meir plass enn før til det instrumentale, og ein prøver å nytte ut den interessa elevane på dette alderssteget har for instrument og speleteknikk. Ein bør leggje vekt på å gjere den musikalske utøvinga så god og vakker som råd, og gjennom arbeid med stil- og formspørsmål prøver ein å utvikle ei meir medviten kvalitetsvurdering hos elevane. Lyding: Musikk frå ulike stilperiodar, med hovudvekt på musikk frå barokk, wienerklassisisme, romantikk og vår eiga tid. Konsentrasjon om nokre få, representative verk. Eksempel på stemmetypar, stemmesaman setningar og kortypar. Orkesterinstrument, kammerensemble, or kestergrupper og symfoniorkester, blåse orkester og jazzensemble. Eksempel på bruk av instrument og tekniske hjelpemiddel i våre dagars komposisjonsteknikk. Eksempel på vanlege musikk- og formtypar. Bruk av lydepartitur. Skolekonsertar med føre- og etterarbeid. Vokale aktivitetar: Unisone og enkle fleirstemmige songar. Kanonsongar. Stamsongar. Songar i samband med lyrikklesing. Nordiske songar på originalspråket. Samiske joikar og songar. Songar på andre språk. Negro spirituals. Salmar i tilknyting til undervisning i kristendomskunnskap. Tonedanning og røystbruk i samband med songstoffet og med stemmeskiftet. Instrumentale aktivitetar: Bruk av rytmeinstrument i akkompagnement til songar med særmerkt rytme. Utforming av rytmepartitur. Ferdige arrangement for rytmeorkester, også med døme frå musikkhistoria. Samspel i større og mindre grupper på stavspel og andre melodiinstrument (treblåseinstrument, strykeinstrument, mandolin, gitar 0.a.). Ein aktiviserer dei andre instrumentalistane i klassen der det er mogeleg. Akkompagnement. Solospel og samspel. Klasseorkester. Rørsle: Nokre norske folkeviseleikar og nokre enkle utanlandske folkedansar. Arbeidet med å uttrykkje musikalske kvalitetar i rørsler held fram. Framleis taktering i 2-, 3-, 4- og 6-takt. Taktering med opptakt. Spesielle gehørøvingar i samband med aktiv musisering: Rytme. Repetisjon av 2-, 3-, 4- og 6-takt i praktiske døme. Synkope. Noteverdiane J J~3 J Jffl J)J. J- «b- Jl o J~R JT2 JT3 J
Skann 220 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 218». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/220/