SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 217 skann 219

217 4.-6. klassesteget Ein må framleis gje plass til spontanitet ogimprovisasjonsarbeid i undervisninga, men ein må og ta sikte på ei meir systematisk utvikling av dei musikalske evnene til elevane. Lydeevna må utviklast i vidare arbeid med elementa i musikken. Den vokale dugleiken må øvast opp og kultiverast. Det bør gjerast meir bruk av støtteinstrument både i det musikalske repertoaret og i gehørarbeidet. Øving i notasjon og song og spel etter notar må drivast systematisk. Individuelle ynske og behov gjer at krava til differensiert undervisning aukar. Skolen må derfor leggje stor vekt på variasjon og koordinering av dei ulike aktivitetane. Lyding Ein held fram med å eksperimentere med lydar og lydkombinasjonar, eigenskapane til lyden. Dei mest kjende orkesterinstrumenta, utsjånad og klangfarge. Norske folkemusikkinstrument. Norsk folkemusikk. Komponistar og komposisjonar som er inspirerte av norsk folkemusikk. Samisk joik (folkesong) . Vidare tek ein med døme på folkemusikk og folkemusikkinstrument frå grannelanda. Komposisjonar av nordiske komponistar og kjende komponistar frå andre land. Skolekonsertar med føre- og etterarbeid gjennom heile perioden. Vokale aktivitetar: Unisone songar, kanonsongar, enkle tostemmige songar. Viser. Salmar i tilknyting til kyrkjeåret. Norske nasjonalsongar og salmar. Norske folkeviser og folketonar. Samiske folkeviser og joikar. Enkle songar på framande språk, særleg engelsk. Skandinaviske nasjonalsongar, songar og folkeviser frå andre land. Salmar i tilknyting til undervisninga i kristendomskunnskap. Gjennom heile perioden : Røystbruk ; syngjestilling, pust, intonasjon, klang, tekstuttale. sasjon. Solospel og spel i grupper. Klasseorkester. Rolla til dirigenten. Rørsle: Improvisasjon til musikk. Songleikar. Enkle norske folkevisedansar. Lette stildansar. Ein arbeider vidare med å uttrykkje musikalske kvalitetar i rørsler. Taktering i 2-, 3-, 4- og 6-takt. Spesielle gehørøvingar i samband med aktiv musisering: Rytme. 2-, 3-, 4- og 6-takt. Noteverdiane in j jm^J-(J)J-(J>)o rn Pauseverdiane £ -— - y Rytmebilete. Rytmekanon. Improvisasjon. Rytmediktat. Melodi. Visse kyrkjetonearter og fullføring av durog mollskalaer. Melodiske gehørøvingar og enkle melodidiktatar. Melodilesing. Improvisasjon over oppgjeven melodi. Improvisasjon av enkelt akkompagnement. Ein held fram med komposisjonsforsøk. Klang. Klangfarge frå ulike instrument og instrumentkombinasjonar. Enkel lydlaborasjon. Dynamikk. Ulike tempo- og styrkegrader. Karaktervariasjon. Form. Motiv, frase, tema. Viseform, menuett, rondo, variasjonsform, suite og konsertform. Instrumentale aktivitetar: Spel på rytmeinstrument. Improvisasjon og akkompagnement. Lærar og elevar formar ut rytmepartitur i fellesskap. Ein øver inn ferdige arrangement for rytmeorkester. Stavspel og andre melodiinstrument til førespel, mellomspel, akkompagnement og improvi- Orienteringsstoff i samband med aktiv musisering: Dei mest brukte musikkuttrykka som naturleg knyter seg til arbeidet i dei ulike disiplinane. Eksempel i tillegg til dei som er nemnde for dei tre første klassestega: Adagio, andante, allegro, alla breve, accelerando,
Skann 219 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 217». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/219/