SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 19 skann 21

19 elevane og klassen. Skolestyraren må stø klassestyraren i arbeidet og leggje forholda best mogeleg til rette for klassane. Klassestyraren og Klassestyraren må prøve å halde seg orientert om elevane sine i dei timane da klassen har andre lærarar. Dette gjeld også elevar som får hjelpeundervisning utanfor klassen. Klassestyraren må syte for at det er best mogeleg koordinering mellom hjelpeundervisninga og den vanlege undervisninga eleven får. Elevar som mellombels er tekne ut or skolen, bør skolen og ha omsorg for. elevane i andre timar. Klassestyraren må ta initiativet til det nødvendige samarbeidet mellom dei personar i skolen som har med elevane å gjere. Så langt det er mogeleg, bør klassestyraren følgje klassen frå eit steg til det neste. ■ Samarbeid og informasjon. Ved overgangen til ny skole er det viktig at fyldige opplysningar om elevane blir overførte til den nye klassestyraren. Ved skolar med stor arbeidsdeling i administrasjonen må ein prøve å motarbeide tendensar til anonymisering av elevane, til å gjere dei til nummer i eit kartotek. Ein må arbeide for at elevane skal kjenne seg personleg knytte til skolesamfunnet. Dette kan t.d. skje ved at skolestyrar og førstelærar vitjar klassane for å gje opplysning om aktuelle saker, ved at klassestyraren får høve til - i samarbeid med elevane - å løyse si allsidige oppgåve, ved at elevane, både i og utanfor dei formelle organa, blir dregne inn i samarbeidet på nye område. Faren for anonymitet. Friminutta skal gje høve til leik - fysisk utfalding - og til kontakt med medelevar. Friminutta fører til ei forbigåande oppløysing av klasseeller gruppeeininga, større valfridom når det gjeld venskap og sosial kontakt, høve til å velje mellom ulike aktivitetsformer. Ved variasjon i undervisningsperiodane kan friminutta falle på ulike tidspunkt for ulike klassar eller grupper. Det er likevel tilrådeleg at minst eitt av friminutta fell på same tid for alle elevane ved skolen. Friminutta. Prinsippet må vere at elevane skal ut i frisk luft i friminutta, men ein må sjølvsagt ta rimeleg omsyn til veret. Utforminga av skolegården er viktig for trivselen til elevane. Skolegården bør saman med skolebygningen vere ein estetisk heilskap og samstundes gje høve til fysisk utfalding av ymse slag. Mange stader vil det vere naturleg å montere spesielt utstyr for fysiske aktivitetar. Skolegården. Gjeremål i friminutta. I mange friminutt har einskildelevar eller grupper av elevar spesielle gjeremål. Ordenselevar skal syte for at klasserommet er i orden til undervisninga tek til att, tillitselevar skal ha møte, andre elevar skal snakke med faglærar eller klassestyrar. Ein bør unngå å overdrive dette. Både elevar og lærarar treng avkopling frå undervisninga og bør derfor kunne disponere friminutta til det. I eit årskull finst det alltid elevar som er særleg godt eller særleg dårleg utrusta med evner, og desse elevane kan vanskeleg få fullgod behandling og opplæring i den vanlege undervisninga. Også elevar med rørslevanskar vil kunne ha behov for særskild hjelp på skolen. Ein må vidare rekne med store variasjonar når det gjeld den åtferd og tilpassing elevane syner i skolesituasjonen. Sterkt avvikande elevar. Så langt det er råd, må skolen ta på seg oppgåver og ansvar for dei elevkategoriane som her er nemnde. Omsynet til den einskilde eleven — omsynet til Skolesamfunnet bør ikkje få karakter av å vere eit samfunn for eit utval frå dei årskulla som går på skolen. I einskilde tilfelle kan det likevel vere aktuelt å vurdere spørsmålet om skolen eller ein annan institusjon er det beste alternativet for vedkommande elev. Her må dei andre elevane.
Skann 21 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 19». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/21/