SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 216 skann 218

216 1.-3. klassesteget Eit hovudsiktepunkt for dei tre første åra i grunnskolen må vere musikalsk mogning. Arbeidet skal vere prega av spontanitet og leik-liknande aktivitet med sikte på å løyse opp eventuelle hemningar og spenningar og utvikle ei naturleg musikk- og skaparglede. Gjennom levande musisering skal elevane bli kjende med elementa i musikken. Ein må leggje vekt på å øve opp aktiv lyding og dermed skjerpe den musikalske merksemda. Viktig er det at ein samordnar dei estetiske funksjonane ved å skifte mellom og ved å kombinere lyding, song, spel og rørsle. Aktivt musikkarbeid skal og vere ei førebuing til å lese og skrive notar. På desse stega i skolen må arbeidet med notasjon og lesing gå føre seg i forenkla form og over korte tidsrom, og alltid i tilknyting til aktiv musikkutfalding. Lyding: Registrering av lydar. Klangvariasjonar. Presisjons- og konsentrasjonsleikar. Musikkeventyr. Bruk av dei røynsler elevane har om uttrykksmiddel i musikken. Korte døme på musikkstykke som talar til fantasi og rytmekjensle. Dei vanlegaste musikkinstrumenta i heim og skole. Frå 3. klassesteget tek ein med nokre få instrument. Gjennom heile perioden: Skolekonsertar med føre- og etterarbeid. Vokale aktivitetar: Tradisjonelle barnesongar. Rim og regler. Songleikar. Enkle salmar. Andre songar med enkel rytmisk og melodisk oppbygging. Frå 3. klassesteget tek ein og med enkle kanonsongar og nokre fa enkle songar med tekst på framande mål. Dei enklaste samiske joikane (folkesongane) høver godt her. Gjennom heile perioden : Røystbruk; syngjestilling, pust, intonasjon, klang, tekstuttale. Instrumentale aktivitetar: Gradvis overgang frå rørsle i heile kroppen til kroppen sine eigne instrument, og vidare spel på rytmeinstrument og stavspel. Blokkfløyte i klasse, i grupper og som soloinstrument. Improvisasjon på rytme- og melodiinstrument. Akkompagnement til melodistemme og kor. Ein spelar enkle melodiar etter notar. Rytmespel etter enkelt partitur. Rørsle: Utgangspunkt i songleikar. Dramatisering til musikk. Improvisasjon av rørslemønster. Med rørsler gjev ein uttrykk for karakteren i musikken ved å variere tempo, styrkegrad, form, grunnrytme og taktart, melodirytme og melodirørsle. Taktering i 2- og 3 -takt. Spesielle gehørøvingar i samband med aktiv musisering: Rytme. Grunnrytme og melodirytme. Noteverdiane J J J J Pauseverdiane I .— _ Rytmeøvingar i form av spørsmål og svar. Improvisasjon. Rytmenotasjon av enkle rytmemønster. Enkle rytmediktatar, opptakt. Melodi. Tonehøgd og tonerørsle. Tonefigurar og melodikurver. Frå to til fem tonar i pentatonskala. Øvingar med heile og halve tonesteg. Notasjon. Prima vista-øvingar. Enkle melodidiktatar. Fullføre påbyrja melodi. Improvisasjon. Små komposisjonsforsøk med utgangspunkt i korte tekstar. Klang. Klangfarge frå ulike lydkjelder og instrument. Dynamikk. Ulike tempo og styrkegrader. Karaktervariasjon. Form. Motiv og frase. Ostinato. Enkel to- og tredelt form. Orienteringsstoff i samband med aktiv musisering: Dei mest brukte musikkuttrykka som naturleg knyter seg til arbeidet i dei ulike disiplinane: Takt, taktstrek, opptakt, fem-toneskala (pentaton skala), g-nøkkel, kanon, ostinato, improvisasjon, forte, piano, crescendo og decrescendo, repetisjonsteikn, fine, da capo al fine, fermate. Nokre opplysningar om komponistar, musikkstykke og instrument.
Skann 218 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 216». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/218/