SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 215 skann 217

Musikk MÅL Undervisninga i musikk skal ta sikte på - å utvikle evna til å oppleve og vurdere falding og løyse ut og kultivere skapande krefter, - å styrkje interessa for vokalmusikk og instrumentalmusikk. musikk, — å fremme interessa for aktiv musikkut- Ut frå dette målet er musikk eit allmenndannande fag i den obligatoriske skolen. Det er eit fag for alle, og undervisninga må byggje på den føresetnaden at alle har musikalske evner som kan utviklast. Arbeid med musikk kan på fleire måtar gje positive tilskot til personlegdomsutviklinga. Estetisk sans kan utviklast gjennom røynsle med ulike musikalske uttrykksmiddel. Arbeidet med elementa i musikken - ved å lyde, syngje, spele og ved rørsle - kan øve opp merksemd og åtgåingsevne og skjerpe evna til analyse og kombinasjon. Med variert aktivitet vil skiftet mellom spenning og avspenning ha ein heldig verknad fysisk og. Øving i røystbruk og songteknikk spelar her ei viktig rolle. Musikken er i stor mon av sosial karakter. Når lyding og rørsle skjer i grupper, gjev det grunnlag for felles oppleving. Song og spel er ofte samsong og samspel, der kontakt og hopehav er viktige faktorar. Alle er med ut frå sine føresetnader: elevane ven seg til å godta prestasjonane til kvarandre; det den einskilde yter blir akseptert som ledd i ein større heilskap. Både mellom elev og lærar og mellom elevane innbyrdes vil faget på denne måten fremme fellesskapskjensla, og dermed styrkje den sosiale evna. Musikk er også ein viktig faktor i kultur- og samfunnslivet, både til kvardag og høgtid. Det blir derfor ei oppgåve for den allmenndannande skolen å gje elevane del i dei kulturelle verdiane som musikken rommar, og kjennskap til den musikalske delen av kulturarven. Gjennom undervisning og kunstnarlege innslag i skolen skal elevane fa utvikla si forståing for musikken som kunstform. LÆRESTOFF Skal musikkundervisninga kunne svare til måla for faget, er det eit vilkår at ho byggjer på aktiv musikkutfalding. Det er først og fremst gjennom aktiv musisering elevane skal bli kjende med uttrykksmidla i musikken. Gjennom aktiv musikalsk verksemd skal dei få eit grunnlag for å kunne verdsetje og vurdere musikk og kunne orientere seg i den musikken som dei kjem i kontakt med. Kjennskapen til elementa i musikken må ein utvikle gradvis gjennom ulike aktivitetsformer og uttrykksmiddel. Progresjonen er derfor eit viktig moment i musikkfaget. Progresjon er ikkje berre eit spørsmål om å auke stoffmengd og vanskegrad, men like mykje om gradvis å endre den vekt ein legg på ulike aktivitetar og stoffområde.
Skann 217 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 215». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/217/