SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 213 skann 215

213 emneundervisning kan gjennomførast, har vi ovanfor nemnt nokre moment som kan vere nyttige når ein skal planleggje t.d. «Livet ved kysten og i og på havet». (Sjå rettleiande årsplan for 4. klassesteget.) Bakgrunnstoff og motivering for emnet kan vere den aktuelle debatten om dumping av giftstoff i havet. I geografibøkene finn ein stoff om dei store verdshava, om straumar, temperaturar og djupner, flod og fjære, og korleis dette verkar inn på kyst- og hamneforholda. Historiebøkene gjev opplysningar om korleis havet har vore nytta som sambandsveg mellom land og folk gjennom tidene. Utviklinga av båtar og båttypar må takast med. Gjennomgåinga kan munne ut i omtale av våre dagars moderne tankskip og cruise-farty, atomdrivne übåtar og hydrofoilbåtar. Her er det naturleg å stanse ved handelsflåten, og Noregs stilling som sjøfartsnasjon. Sjølv om ein berre er kommen til 4. klassesteget, kan elevane ha nytte av å få opplysningar om hyringsreglar, utdanning til sjømannsyrket og om det livet ein sjømann lever. Det personlege forholdet elevane har til kysten og sjøen, kan gje den djupaste innlevinga i stoffet, anten det no gjeld sjøen som arbeidsplass, som nær granne eller som feriestad. Her er det viktig å drøfte våre dagars problem med passbåtar, sjøvegsreglar og sjø- og badevett elles. Den viktigaste delen av emnet er jo sjølve livet i havet, altså dyre- og plantelivet der. Ein må og komme inn på vandringane til fiskane, og dermed fangst- og fiskemåtar. Oljefunna på havbotnen må og kunne nemnast. Alt som blir fanga og fiska, tener våre behov, i første rekkje behovet for mat. Mat frå havet kan da vere det neste emnet ein fordjupar seg i, korleis ein lagar og handsamar han (frysing, salting, tørking m.m.), kva for verdfulle næringsstoff som finst i desse matemna (protein, umetta feittsyrer, vitamin, mineral). Der det er utstyr til det, bør ein nytte ut teorien i praktisk aktivitet ved å lage til ein eller annan fiskerett. (Svært enkelt er til dømes å reinse og servere spekesild.) Til alle desse delane av emnet bør det knytast stoff frå litteraturen, frå det rike tilfanget av poesi og prosa som tek sitt utgangspunkt i havet og livet i og på havet. Orienteringsfaget og andre fag. Det er viktig å samordne undervisninga i orienteringsfaget med opplegg i andre fag, der det fell naturleg. I første rekkje gjeld dette norskfaget, men også emne i kristendomskunnskap, forming, musikk og kroppsøving. Sjå elles tilvisingar under kapitlet Samfunnsfag og andre fag, Naturfag og andre fag og omtalen av Heimstadlære og andre fag. Vidare er det i fagplanane for kristendomskunnskap, musikk, forming og kroppsøving peika på dei høve ein har til samordning med det natur- og samfunnsorienterte lærestoffet i Mønsterplanen. LÆREMIDDEL I orienteringsfaget vil det vere naturleg å nytte ut ting og forhold frå det verkelege livet (autentiske læremiddel) . Direkte røynsler frå omverda og nærmiljøet blir såleis viktige utgangspunkt for undervisninga i orienteringsfaget. Av og til vil det vere nyttig å dra inn personar og institusjonar utanfor skolen i undervisninga, dersom tilhøva ligg til rette for det. Undervisninga i orienteringsfaget kan også gjerast aktuell og interessevekkjande ved at ein i skolearbeidet nyttar ut bibliotek, museum og kulturinstitusjonar, eller ved at ein viser til fjernsynsprogram, radioprogram, film, teater, foredrag, musikkliv og lagsarbeid. Mange slag hobbyprega heimearbeid kan leggjast til rette og bli eit verdfullt supplement til skolearbeidet. Av autentiske læremiddel som kan nyttast, nemner vi : Område. Middel. Arbeidsliv, Råemne; ein studerer produksjon, arbeidsoperasjonar, varekunst, prøver, trafikk. prøver, trafikk. kultur. Terrengforhold, levande Plante- og plantar og dyr, dyrespor, dyreliv på bær, tre, fjør, stein, heimstaden. bein og tenner. Når elevane skal lære grunnleggjande omgrep og prinsipp i orienteringsfaget, må læraren ofte gjere bruk av modellar. Til denne typen læremiddel høyrer t.d. relieflkart, sandkasse, globus, anatomiske modellar, dampmaskin, bensinmotor og dynamo. Andre modellar i denne gruppa: trafikkskilt, «minibilar» og «minihus» til trafikkundervisning, dokker til dramatisering (dokketeater) . Ein treng ein del lydmateriell i orienteringsfag-undervisninga, blant anna for å kunne presentere ulike miljø og personar heime og ute: bryggje og hamn, storbyen,
Skann 215 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 213». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/215/