SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 212 skann 214

212 Poesi, prosa. Musikk. Biletkunst. temperatur, djupner, flod — fjære. Mat frå havet. Tilverking og bruk av fisk. Umetta feittsyrer. Marine oljer. Tran. med gjennomført emneundervisning, må løysast ved samarbeid både om planlegginga og om gjennomføringa av opplegget for orienteringsfaget. Det vil vere behov for slik planlegging både på lang sikt - for heile skoleåret — og for kortare periodar. Elevane må og vere med i dette arbeidet. I orienteringsfaget er det naturleg å bruke ulike organisasjonsformer i undervisninga. Arbeidsformene må såleis komme til å skifte mellom arbeid i vanleg klasse, mindre elevgrupper, arbeid i storklassar og individuell verksemd. Samarbeid mellom lærarane - lagsamarbeid - vil her vere særleg aktuelt. Den læraren som underviser i orienteringsfaget i ein klasse, bør helst ha ansvaret for morsmålsopplæringa i klassen og. I orienteringsfaget bør ein setje av minst to samanhangande timar til faget fleire gonger i veka. Ved å konsentrere undervisninga om emne og interesseområde som strekkjer seg over fleire timar om gongen, får elevane betre høve til å fordjupe seg i og fa oversikt over det stoffet som ein arbeider med. Stoffval og arbeidsmåtar i orienteringsfaget må rette seg etter årstid og lokale forhold, og etter mognad og røynsler, ynske og evner hos elevane. Så langt det er råd., må elevane vere aktivt med på å planleggje undervisninga og bruken av læremiddel i Dei store verdshava straumar, i LIVET VED KYSTEN OG I OG PÅ HAVET Havet som sambandsveg gjennom tidene. Utviklinga av båten. Sjøfart i dag, handelsflåten, hyringsreglar, sjømannsutdanning. Strandbyar, ferie. Småbåtar. Sjøvegsreglar, sjøvett, badevett. orienteringsfaget. Formålet er ikkje først og fremst å presentere elevane for faglege opplysningar, fakta og resultat, men å la dei skaffe seg informasjon og kunnskap mest mogeleg ved eige studium, eige arbeid og eigne røynsler. Elevane kan arbeide individuelt eller i grupper. Det er viktig at læraren hjelper dei til å meistre elementær studieteknikk og rett arbeidsmåte når det gjeld natur- og samfunnsorientert lærestoff. Utvikling og bruk av høvelege arbeidsmåtar blir derfor eit mål i seg sjølv i arbeidet med orienteringsfaget. Det er såleis viktig å trene elevane i å bruke morsmålet munnleg og skriftleg, slik at dei kan lese og oppfatte innhaldet i ein tekst, finne fram til fakta og opplysningar i tilgjengelege kjelder, bruke register og innhaldslister, formulere spørsmål og lage oppgåver, lage korte skriftlege samandrag, gjere munnleg greie for ein tekst ved hjelp av nøkkelord 0.1. Orienteringsfaget høver svært godt til å vekkje interesse og stimulere elevane til sjølvstendig arbeid. Ulike former for praktisk aktivitet m.a. i heimkunnskap og forming kan gje undervisninga djupare meining og gjere ho interessant for elevane. Orienteringsfaget inneheld arbeidsstoff frå eit vidt område. Dei arbeidsmåtane ein vel, må vere allsidige og varierte. Som eit døme på korleis eit opplegg med
Skann 214 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 212». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/214/