SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 18 skann 20

18 Klassestyraren — eit fast haldepunkt. Hovudansvaret for klassen. Nær kontakt elevar — klassestyrar. Flest mogeleg timar i klassen. Ansvar for faglærarar og skolestyrar og. Det er vanskeleg å klare denne delen av oppgåva for ein skoleleiar som ikkje sjølv snakkar og forstår samisk. Samiske heimar har ikkje tradisjonar med bøker og bokhyller. Barna er derfor ikkje så vane med å handsame bøker. Skolen må forstå dette og oppmuntre elevane til å låne bøker med seg heim. Samstundes må ein vere varsam med å gje heimeoppgåver som favoriserer elevar som har tilgjenge til bøker heime. I språkblandingsdistrikt bør ein ta sikte på mest mogeleg jamstelling mellom dei to språka. Barna må kunne nytte samisk både i undervisninga og i fritida. Kan læraren sjølv både samisk og norsk, kan han møte elevane på morsmålet deira. Når han veit at ein samisktalande elev har meir utbyte av forklaring på samisk, bør han bruke samisk. Merkar han i friminuttet at samebarna er redde for å bruke morsmålet sitt blant norsktalande barn, bør han oppmuntre dei til å snakke samisk. Bruken av samisk og norsk side om side i skolen kan vere med på å øve opp gjensidig toleranse for språka. På same vis er det verdfullt at skolen gjev rom for samisk kultur. I utsmykking av skolen bør såleis samisk kunst få brei plass. Skolen vil dermed vere med på å skape forståing og respekt for samisk kunst og kultur. Skolesamfunnet krev nøye overvaking frå alle interesserte partar. Her møtest elevar frå heilt ulike miljø, sosialt, kulturelt og språkleg. Det er ikkje til å unngå at det blir gnissingar. Somme av barna har kanskje vanskar med å få kontakt. Her er det ikkje berre språket som stengjer. Røynsle har vist at elevar som bur avsides, har dei største kontaktproblema. Dei avsidesbuande elevane er i regelen samisktalande, medan dei norsktalande er samla i sentra. Det er ingen lett situasjon dei samisktalande elevane her står overfor, med foreldra ofte mange mil borte. Gjennom sosialpedagogiske tiltak vil ein kunne skape betre kontakt mellom elevane og mellom barn, foreldre og skole. Målet må vere å skape eit skolesamfunn der alle elevar kan møtast i felles arbeid og leik. Det har mykje å seie for trivsel og tryggleik at det er ein person som har hovudansvaret for elevane på skolen. Klassestyraren skal vere eit fast haldepunkt og den første kontakten for elevar og føresette. Med ein gong elevane tek til på skolen, bør både elevar og føresette fa greie på dei oppgåver klassestyraren har i klassen og overfor kvar einskild elev. Klassestyraren har hovudansvaret for sin klasse og for kvar elev i klassen. I den første skoletida er det viktig at klassestyraren får høve til å ta seg av elevane individuelt, så overgangen til skolemiljøet kan bli lettast mogeleg for dei. Klassestyraren må vere merksam på dei ulike føresetnadene elevane har når dei skal tilpasse seg skolelivet. Klassestyraren må stå i nær og allsidig kontakt med elevane og prøve å gje dei kjensla av at dei blir tekne vare på i skolen. Det er viktig for tryggleik og trivsel at det kan skapast eit godt klassemiljø. På barnesteget er det naturleg at klassestyraren har mange timar i klassen sin. På ungdomssteget er dette noko vanskelegare å få til, men også på dette steget må ein prøve å la klassestyraren få så mange timar som råd i sin eigen klasse. Sjølv om ein klasse har fleire faglærarar, må opplysningar om elevane heila tida gå til klassestyraren, og det er han som må halde den nødvendige kontakten med heimen. Dette at klassestyraren har hovudansvaret for klassen, fritek sjølvsagt ikkje faglærarane for ansvar overfor
Skann 20 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 18». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/20/