SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 202 skann 204

202 Oppgåver i samband med stoffet i lærebøkene kan vere i særskilde øvingshefte. Oppgåvene bør omfatte både individuelt arbeid og gruppearbeid. I naturfagrommet bør det vere hjelpebøker som elevane treng til individuelt arbeid og gruppearbeid. Populærvitskaplege bøker for barn og ungdom høver bra. Dessutan bør det vere floraer, naudsynte oppslagsbøker av anna slag og gjerne eit godt utval brosjyrar og hefte som omhandlar ulik teknisk bruk av fysikk og kjemi. Demonstrasjonsutstyr. I hovudregelen krevst det at demonstrasjonsutstyret er så stort og slik forma at alle elevane i klassen ser det godt, også når dei sit bak i rommet. Utstyret bør vere så robust som mogeleg, slik at det tåler å bli brukt i lengre tid av fleire lærarar og elevar. Det bør kunne demonterast eller vere forma slik at det ikkje krev for stor plass under oppbevaring. Av demonstrasjonsmateriell til biologien kan særleg nemnast: transparent og biletband av plantar og dyr, også til undervisning i forplantningslære. Lydband med dyre- og fuglelåtar. Herbarium og utviklingspreparat av ein del dyrearter. Til helselæra : Skjelett, modellar av auge, øyre, hjarte, hovud m.m. Til zoologi: Skjelett av utvalde dyrearter. For kjemi kan nemnast : Nok utstyr til å vise stoff og reaksjonar mellom stoff som ikkje er aktuelle i samband med elevøvingar. Atom-, molekyl- og krystallmodellar og biletband som viser framstillingsmåtar av vanlege og kjende stoff industrielt. Filmar. Fysikk: Demonstrasjonsutstyr som gjer det mogeleg å demonstrere dei emna/fenomena som ikkje høver til elevøvingar eller observasjon på annan måte. Biletband og filmar som illustrerer lærestoffet eller dei mange tekniske bruksmåtane fysikken har fått i dagleglivet. Elevøvingsutstyr. Elevøvingsutstyret bør vere like robust og enkelt som demonstrasjonsutstyret. For dei fleste øvingar må skolen ha så mange sett at elevane kan arbeide saman i tomannslag. Einskilde typar særleg kostesamt utstyr kan ein skaffe færre eksemplar av og basere øvinga på større grupper og på at gruppene nyttar materiellet til ulik tid. Spesielt for biologien : Utstyr for innsamling av og arbeiding med materiale. Fr am visar utstyr. Naturfagrommet bør ha ein skriftprosjektør, biletteppe, biletbandframvisar. VURDERING Ved vurderinga skal ein følgje dei retningslinjene som er gjevne i kapitlet Vurdering i den generelle delen av mønsterplanen. Vurderinga tek utgangspunkt i skolen si generelle målsetjing, faget si spesielle målsetjing og eleven sine føresetnader på fagområdet, og ein må ta omsyn til dei undervisningsmetodane og arbeidsformene som er nytta. Ved vurdering av eleven si arbeidsevne i eit fag må ein ta omsyn til eleven sitt kjennskap til og dugleik i å utnytte faget sine hjelpemiddel, evne til sjølvstendig arbeid og til arbeid i grupper. Det er ikkje nok at læraren vurderer elevane sin arbeidsmåte og resultata av arbeidet deira, like viktig er det at elevane far øving i sjølv å vurdere. Den einskilde eleven sitt arbeid må vurderast med jamne mellomrom, både for å stimulere interessa for faget og for å gje rettleiing for vidare arbeid. Eit avslutta arbeid må vurderast snarast mogeleg. Ved vurderinga i naturfag bør det leggjast større vekt på oversikt og innsikt enn på detaljkunnskapar. Ein må ta med elevane si evne til å observere og til å dra slutningar, og til å gjere greie for eksperiment.
Skann 204 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 202». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/204/