SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 203 skann 205

d. Orienteringsfaget 1.-6. klassesteg MÅL Undervisninga i orienteringsfaget skal ta sikte på å hjelpe den einskilde eleven i personleg utvikling og allmenn livsorientering. Det skal leggjast vinn på - å lære elevane å kjenne seg sjølv, sine evner og vilkår, og styrkje kjensla av ansvar for seg sjølv, - å vekkje til ansvar, omsorg og respekt for medmenneske og elles alt som lever, - å hjelpe eleven til ei positiv og aktiv innstilling til dei oppgåvene han vil møte i heim, skole og samfunn, - å fremje skjønet for dei verdiar vår kulturarv representerer i dag og i framtida, - å vekkje interesse og skape respekt for naturen og for dei materielle verdiane som menneskeånda er opphav til. LÆRESTOFF Lærestoffet i orienteringsfaget skal handle om: Mennesket : fysiske, psykiske og sosiale funksjonar. Korleis mennesket lever og arbeider i heim og samfunn, før og no, lokalt, nasjonalt og globalt. Liv og livsgrunnlag i naturen omkring oss, dei viktigaste stoffa, naturlovene og korleis mennesket nyttar ut naturressursane. Orienteringsfaget omfattar stoff frå tidlegare fag og fagområde : Heimstadlære Heimkunnskap Samfunnsfaga: historie, geografi, samfunnskunnskap. Naturfaga : biologi med helselære og plantestell, fysikk, kjemi. Emne i samfunnsfag og naturfag går naturleg inn i planen for orienteringsfaget. Det same gjeld det feltet som heimstadlæra dekkjer. Lærestoff frå ei rekkje spesielle undervisningsområde er tekne med som ein integrerande del av orienteringsfaget. Det gjeld skolehage og plantestell, trafikkopplæring, konsumentundervisning, naturvern, tannvern, ernæringsundervisning, leirskole og ekskursjonar, klasserådsarbeid /elevrådsarbeid, undervisning om tobakk, alkohol og narkotika. Lærestoffet i planen for orienteringsfaget er delt i to avsnitt : Plan for 1.-3. klassesteget. Plan for 4.-6. klassesteget. Planen blir presentert som eit heile, bygd opp kring ei rekkje interesseområde. Lærestoffet er fordelt på klassestega, dels ut frå omsynet til progresjon, dels med tanke på den saklege samanhengen. Planen for orienteringsfaget er ein retningsgjevande rammeplan. Det er føresetnaden at dei som skal bruke han, forstår å vurdere den aktuelle undervisningssituasjonen og er innstilte på å tilpasse planen
Skann 205 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 1

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 203». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/205/