SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 201 skann 203

201 eit naturmiljø. Ofte er det da naudsynt å kombinere slikt arbeid med forming i eit eller anna materiale og med ulike teknikkar. Regelen om at elevane ikkje skal bli pålagde å samle plantar til herbarium, er ikkje til hinder for at elevar med spesielle interesser for det, får samle plantar i samband med arbeidet med naturfaget. Særleg i tettbygde strøk må elevane lærast opp til å verne om plantelivet. I staden for samlingar kan elevane nytte biletmateriale i arbeidsbøkene sine. Der forholda ligg til rette for det, kan elevane med fotografering få fram meir om livsmiljøet til plantar og dyr. Einskilde elevar kan ha spesiell glede av og føresetnad for å illustrere med teikning det dei har observert. Skolehage. Arbeid i skolehage kan tilføre undervisninga i biologi store verdiar. Da det er ein eigen plan for skolehage og plantestell, viser ein til den. Ei anna form for verdfull uteaktivitet er å la elevane vere med på å stelle parkanlegget ved skolen, der slikt finst. Naturfag og andre fag. Naturfag har tilknyting til ei rekkje andre fag. Særleg på barnesteget er det rikt høve til å sjå t.d. det biologiske og det geografiske lærestoffet i samanheng. Under arbeidet med jordbruksbygdene er det naturleg å ta med plantar og dyr på garden. Når ein underviser om fjellet, fell det naturleg å ta med flora og fauna på fjellet. Den skildringa av naturforholda som ein gjev i geografi, blir i det heile grunnlaget for å forstå planteog dyrelivet på ein stad. Når ein såleis knyter desse emna saman i undervisninga, kan elevane betre forstå samspelet mellom dei topografiske og klimatiske forholda og det plante- og dyrelivet som finst i dei ulike områda. Også gjennomgåinga av flyttfuglane gjev høve til å sjå geografien og biologien i samanheng. Ved sida av samfunnsfag er det særleg norsk, forming, heimkunnskap og musikk som gjev høve til samordning med naturfag. Det finst både sakprosa og skjønnlitterært stoff som tek opp emne frå naturfag, og arbeidet med slikt stoff kjem både naturfagundervisninga og norskopplæringa til gode. Formingsundervisninga kan også komme inn i samordninga ved at elevane far formingsoppgåver med tilknyting til naturfagundervisninga, t.d. illustrasjonar i arbeidsbøker og på plansjar, montasjar av naturobjekt som gruppearbeid eller individuelle oppgåver 0.1. Også musikk er det ofte naturleg å dra inn i ein slik samanheng, fordi mange av dei finaste songane våre har emne frå naturen. Einskilde viktige emneområde i naturfag har tilknytingspunkt også til kristendomskunnskap. Det gjeld spesielt undervisning om forplantning, natur- og miljøvern og om tobakk, alkohol og narkotika. Respekt for alt liv. Alle desse emna rommar moralsketiske problem som det er naturleg å ta opp i kristendomsundervisninga. Den samordninga som er nemnd ovanfor, lét seg lettast gjennomføre på barnesteget. På ungdomssteget spelar faglærarsystemet større rolle, og samordning av fag byr ofte på store praktiske vanskar. Men også her kan samarbeid mellom lærarane gje gode og verdfulle resultat. Slikt samarbeid krev omhyggeleg planlegging. I samband med naturfag må ein gjennomgå ein stor del av lærestoffet i dei obligatoriske emna tobakk, alkohol og narkotika, naturvern, førstehjelp, tannvern, forplantning, ernæringslære og familiekunnskap. Ein del av lærestoffet i desse emna fell det naturleg å gjennomgå i samband med andre fag. Dersom fleire lærarar skal undervise i desse faga, må lærarane fordele stoffet og samarbeide om opplegget av undervisninga. LÆREMIDDEL Læremidla kan delast i fleire grupper. 1. Lærebøker og hjelpebøker. 2. Demonstrasjonsutstyr. 3. Elevøvingsutstyr. 4. Audiovisuelle hjelpemiddel. 5. Naturen og naturobjekt. Lærebøker og hjelpebøker. For barnesteget bør lærestoff frå dei ulike fagdisiplinane finnast i ei og same lærebok. Læreboka kan vere for eitt eller fleire årssteg. For ungdomssteget kan det vere særskilde lærebøker for biologi, menneskebiologi og helselære og fysikk/kjemi. Også på ungdomssteget kan det vere ein fordel om lærestoff frå dei ulike fagdisiplinane er samordna i same læreboka. Læreboka kan vere for eitt eller fleire årssteg. Til lærebokverket bør det vere ei lærarrettleiing med naudsynt informasjon om bruken av læreverket. I lærarrettleiinga høver det å ta med naudsynt demonstrasjons og elevøvingsutstyr. Vidare bør det vere med framlegg til oppgåver i samband med ekskursjonar, utarbeiding av samlingar frå ekskursjonar 0.1.
Skann 203 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 201». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/203/