SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 200 skann 202

200 notat bør gjerast i samband med øvinga. Helst bør drøfting av øvinga komme i tilknyting til arbeidet. Det blir ikkje sett krav om eit visst tal på utførte elevøvingar. Men det tyder ikkje at elevøvingar som arbeidsmåte bør reduserast i høve til tidlegare. Demonstrasjonar. Det er ikkje mogeleg å la all eksperimentundervisning vere elevøvingar. Forsøk med komplisert eller kostesamt utstyr må ein oftast utføre som demonstrasjonar. Det same gjeld forsøk der særlege tryggingstiltak er påkravde. Ei demonstrasjonsøving må så langt råd er leggjast opp slik at elevane blir dregne inn i planlegginga, utføringa og vurderinga. Under planlegginga må læraren ta fleire omsyn som er nemnde nedanfor. 1 . Apparatur må vere kontrollert og på plass før øvinga. 2. Dei naudsynte tryggingstiltaka må gjennomførast absolutt nøyaktig. 3. Sentrale moment i samband med forsøket må elevane bli kjende med. 4. Korleis elevane mest mogeleg kan ta del i eller på annan måte bli aktiviserte i forsøket. Under utføringa av forsøket bør læraren vere merksam på det som er nemnt nedanfor. 1. Elevane bør fa naudsynt tid til spørsmål og notatar. 2. Læraren må sjølv stille naudsynte spørsmål og kontrollere at merksemda til elevane blir retta mot sentrale sider ved forsøket. 3. Eventuelle utrekningar og/eller observasjonar og slutningar bør gjerast av elevane. Vesentleg ved ei demonstrasjonsøving er vurdering og oppsummering av resultatet av øvinga. Dette arbeidet treng ikkje å bli gjort rett etter sjølve øvinga. Ei god oppgåve er det å la elevane på eiga hand eller i gruppediskusjon prøve å nå fram til konklusjonen. Det er da ein føresetnad at elevane har gjort dei naudsynte notata under sjølve utføringa av forsøket. Såkalla «mislykka» forsøk, der dei ynskte resultata ikkje er komne fram, kan ha pedagogisk verdi. Læraren må i mange tilfelle gjere den naudsynte generaliseringa av forsøksresultatet. Ekskursjonar. Ekskursjonar kan vere korte turar i nærleiken av skolen, der aktiviteten for det meste er enkle observasjonsoppgaver. Dei kan dg vere lengre turar med større arbeidsprogram. Slike turar kan krevje ein heil skoledag til observasjonar, innsamling og arbeid med det innsamla materialet. Innsamlingsarbeid i ekskursjonsområdet må ikkje bli for krevjande og bør berre unntaksvis ta meir enn 3 skoletimar. I staden for å samle inn materialet kan det vere aktuelt å fotografere eller teikne det ein har observert. Skal elevane forstå at ekskursjonane er ei form for undervisning i det fri, og skal ekskursjonane gje fagleg utbyte, må arbeidet bli grundig førebudd. Som for elevøvingane gjeld det at ekskursjonane bør ha tilknyting til undervisninga elles. Kvar ekskursjon bør ha eit medvite føremål, jamvel om ein også bør vere merksam på og utnytte verdien som ligg i tilfeldige og kanskje uventa innslag. Ved planlegginga av ein ekskursjon må læraren derfor ha klårt for seg kva han tek sikte på med ekskursjonen, kvar han vil gjennomføre han, og korleis han vil leggje han opp. Ekskursjonen bør hjelpe til å illustrere stoffet ein arbeider med og til å gje elevane opplevingar og kunnskap. Det ein skal studere på ein ekskursjon, er derfor delvis fastsett av årstida. Emnet har også noko å seie for val av ekskursjonsstad. Læraren må vere kjend med ekskursjonsstaden. Han må ved sjølvsyn på førehand ha vissa seg om at staden høver for formålet ekskursjonen har. Når ein vel ekskursjonsstad, må ein unngå område som kan by på unaudsynte faremoment. Naturvernomsyn tilseier at ein må unngå uheldig slitasje på visse landskapstypar. Ekskursjonane gjer det mogeleg å sjå plantar og dyr i naturleg miljø, dei skal lære elevane å forstå betre samspelet mellom organismane og miljøet, auke artskunnskapen deira, og utvide grunnlaget for å utvikle interesse for og få glede av naturen. I mange tilfelle er det behov for eit etterarbeid i samband med ekskursjonar. Dette bør helst bli utført på skolen. Elevane må få hjelp og rettleiing i dette arbeidet, slik at dei etter kvart kan utføre det meir sjølvstendig. Herbarium og andre samlingar. Samling og systematisering av plantar i eit herbarium skal ikkje lenger vere obligatorisk. Det skal heller ikkje krevjast andre samlingar (stein, skjel, små dyr o.l.). Eggsamling bør ein i denne samanhengen direkte rå frå. Det at ein går bort frå kravet om samlingar, er ikkje det same som at plantar, dyr og ting ikkje skal brukast i undervisninga. Tvert imot bør elevane mest mogeleg vere med på å samle det som skal brukast slik. Det er heller ingenting i vegen for å la elevane utføre gruppearbeid der dei nyttar innsamla naturobjekt, t.d. slik at dei framstiller
Skann 202 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 200». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/202/