SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 199 skann 201

199 Samordna undervisning. Fagdisiplinane fysikk/kjemi og biologi med helselære bør ein ikkje undervise i som einskilde fag. Elevane må få ei heilskapsorientering om den levande og livlause naturen. Dette oppnår ein best når same læraren underviser i naturfaga. Er det naudsynt å dele undervisninga mellom to lærarar på ungdomssteget, er eit intimt samarbeid mellom lærarane ein føresetnad. Mange emne kan ha lærestoff frå kvar av fagdisiplinane. Arbeidsformer som gruppearbeid og sjølvstendig individuelt arbeid kan ofte gjennomførast mykje lettare om stoffet ikkje er avgrensa etter tradisjonelle faggrenser. På barnesteget seier det seg sjølv at naturfag legg ein opp og underviser i som eit heilskapsfag. Oftast underviser same læraren både i naturfag og i samfunnsfag. Det gode høvet ein har for emneundervisning med lærestoff både frå samfunnsfag og naturfag, bør utnyttast. Slik emna i dei to faga er plasserte på kvart klassesteg i planen, blir det fleire høve til å bruke ei slik arbeidsog undervisningsform. Gruppearbeid. Ved elevøvingar er det oftast mest naturleg å la elevane arbeide saman i små grupper på to eller tre. Men mykje av lærestoffet høver til arbeid i større grupper. I samband med ekskursjonar under biotopstudium kan gruppene få ansvar for observasjonar og for å finne objekt som naturleg høyrer inn under deira arbeidsområde. Det er ikkje noko i vegen for å la fleire grupper få same oppgåva. Gruppene bør få høve til å montere eller på annan måte systematisere og skrive om si eiga samling. Læraren må vere spesielt merksam på framføringa av det ferdige arbeidet i gruppene, slik at heile klassen får del i gruppearbeidet. Læraren må også sjå til at objektsamlinga og elevarbeida elles blir sette inn i sin rette samanheng fagleg. Ei samla oppsummering er viktig for at gruppearbeidet skal gje godt utbyte, fagleg og metodisk. Oppsummeringa kan læraren eller ein av elevane i gruppa gjere. Elevøvingar. Elevforsøk er ein berande arbeidsmåte i naturfagundervisninga. Forsøka skal vere eit organisk ledd i undervisninga og må derfor bli utførte på det tidspunktet læregangen krev. Elevøvingane skal lære elevane å arbeide systematisk. Arbeidet skal også venje elevane til å vere nøyaktige og ha konsentrasjon. Gjennom forsøka skal elevane fa litt innsikt i ein viktig arbeidsmåte i naturvitskapane. Alle elevane treng ikkje å utføre same øvingane. Heller ikkje må ein vente at alle far same utbytet av øvingane. Ein må ta individuelle omsyn både ved gjennomføringa av og etterarbeidet med øvingane. Elevøvingane kan vere av ymse slag. I alle naturfagdisiplinane er enkle eksperiment aktuelle. Ein bør i regelen leggje dei opp slik at det ikkje berre gjeld å verifisere lover som er kjende på førehand eller å fastsetje storleikar som elevane kan finne i bøker og tabellar (t.d. tettleiken for kjende stoff o.l.). I mange tilfelle kan elevøvingane ta utgangspunkt i eit problem som blir løyst gjennom forsøk. Den hovudregelen bør gjelde at elevane ikkje må sjå på eit problem som løyst om ei einskild elevøving gjev eit bestemt resultat. Dersom t.d. eit forsøk viser at jern utvidar seg ved oppvarming, er det ikkje rett å la elevane dra den slutninga at faste lekamar utvidar seg ved oppvarming. I det heile bør elevane venje seg til å ha ei kritisk og vurderande holdning til resultata av eit forsøk. Det er også naudsynt å drøfte resultatet av elevøvingane i samla klasse. Avvikande resultat bør bli kommenterte og mogelege årsaker til avvik (feilkjelder) drøfta. Ei generalisering av resultata må i regelen læraren ta opp. I denne samanhengen bør læraren også nytte høvet til å peike på dei avgrensingane mange av lovene i naturfag har. Dei modellane vi nyttar t.d. for å syne korleis stoff er oppbygde og for å forstå fysiske og kjemiske lover, kan forklare mykje av det ein observerer, men ikkje alt. I biologi kan elevøvingar ha form av avgjerdsøvingar og oppgåver som krev observasjon og skildring, t.d. av levande og daudt materiale og av preparat frå ulike dyrerekkjer. Stoff til slike øvingar kan skolane skaffe seg bl. a. ved at elevane samlar materiale (bladtypar, typar av blomsterstandar, skjel, fiskearter m.m.). Elevane bør den første tida få enkle øvingar som kan utførast med enkel apparatur. Læraren må da leggje vekt på å forklare korleis øvinga kan utførast, utan at han gjev opp noko resultat. Elevane bør etter kvart venje seg til å kunne bruke ei skriftleg utgreiing om korleis eit forsøk kan utførast. Ein må samtidig vere på vakt slik at øvingane ikkje følgjer eit heilt fastlagt og detaljert skjema. Interesserte og flinke elevar kan mange gonger på eiga hand gjennomføre eit forsøk utan ei bunden arbeidsutgreiing. Trongen hos elevane til å forske og vere oppfinnsame må få komme til sin rett der det er mogeleg. Arbeidet med ei elevøving kan ta større eller mindre del av ein time. Naudsynte
Skann 201 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 199». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/201/