SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 198 skann 200

198 Fødselen. Korleis barnet er avhengig av vern og tryggleik. Puberteten: kroppslege og sjelelege forandringar. Onani. Undervisninga bør vere etisk prega. 9. klassesteget.— Fysikk/Kjemi Grunnleggjande omgrep og laver i mekanikken: Rørsle, fart, akselerasjon, retardasjon, friksjon. Skråplan. Pendelen, krinsrørsle. Reaksjonskrefter, jetfly og rakettar. Tidsmåling. Veging og kjemiske utrekningar. Lov om konstant masse. Optikk: Bølgjenaturen til lyset. Geometrisk optikk: Refleksjon. Bryting. Prisme. Fargespreiing. Lysemisjon og absorpsjon. Den elektriske og kjemiske effekten til lyset. Kjernefysikk Radioaktivitet. Atomkjernen. Proton og nøytron. Isotopar. Atomspalting. Atomenergi. Organisk kjemi: Karbon. Kol. Olje. Tjære. Hydrokarbon. Alkoholar. Karbolsyrer. Feittstoff. Såpe, syntetiske vaskemiddel. Karbohydrat. Protein. Litt om plast (nylon, terylene osv.). ARBEIDSMÅTAR Skal arbeidsmåtane hjelpe til å fylle dei mange krava som blir stilte i målet for naturfag og i det generelle målet for skolen, må ein leggje vekt på : - å stimulere det naturlege behovet hos elevane for å bruke sansane sine, for å oppdage, spørje og undre seg, - å byggje på elevane sine eigne interesser, opplevingar, fantasi, åtgåingar og røynsler, - å gje elevane høve til å arbeide sjølvstendig og til å arbeide saman med medelevar i større og mindre grupper, - å utvikle gode arbeidsvanar, rasjonelle læringsmetodar og effektiv studieteknikk hos elevane. Somme av krava er spesifikke for naturfag som fag, andre meir allmenngyldige for skolens arbeid i det heile. Det er likevel viktig å sjå desse krava under eitt, og at alle er med på å bestemme korleis den einskilde læraren skal forme undervisninga si i naturfag, og kva arbeidsmetodar han skal velje. Vanlege undervisningsmåtar i naturfag er: - gjennomgåing av lærestoff, demonstra sjonsforsøk, korte foredrag, - innsamling og bruk av levande og daudt materiale, - etterarbeid med innsamla materiale, - individuelt arbeid og arbeid i grupper, - elevøvingar, — besøk i bedrifter, museum og andre samlingar. Med den relativt store fridomen læraren har til å innrette undervisninga etter elevane sine interesser og føresetnader og etter forholda på staden, bør det vere mogeleg å bruke allsidige og varierte arbeidsmåtar. Undervisninga skal gje grunnlag for verdfulle opplevingar og dermed for ei engasjert og positiv holdning til dei mange fenomena i naturen, dessutan må elevane lære å finne svar på problemstillingar dei møter ved observasjonar i marka, ved eksperiment eller ved bruk av høveleg litteratur om eit emne. Fleire emne kan ein knapt illustrere eller gjere tydelege utan å bruke litteratur, film eller filmband, prosjektør eller lydband. Naturfagrommet må innreiast deretter. Læraren må vere merksam på faren ved å la demonstrasjons- og elevøvingar få eit altfor skjematisk preg. Elevane må få høve til å arbeide saman i større og mindre grupper. Det bør også vere gruppearbeid i samband med emne som krev bruk av annan litteratur enn berre læreboka. Særleg i fysikk /kjemi er det mogeleg å studere bruken av faga i industri og arbeidsliv. Dermed kan elevane også få svar på spørsmål om nytten vi har av faget, og verdien naturkunnskapane har for vårt daglege tilvære. Oppgåvene og problema må så langt råd er tilpassast den einskilde eleven og føresetnadene hans, dette gjeld også kravet til formuleringar i samband med munnlege og skriftlege utgreiingar. Det er urett å setje same krava til alle elevane på same alderssteget. Dette gjeld også kravet om å vere nøyaktig og vise konsentrasjon i arbeidet. Ei meir variert og allsidig arbeidsform set slike krav til innreiing av naturfagrommet at dei i dag ofte ikkje blir stetta. Læraren må leggje stor vekt på å tillempe undervisninga og arbeidsforma slik at eit naturfagrom med fast oppsette arbeidsbenker og installasjonar ikkje heilt stengjer for varierande grupperingar og gruppestorleikar blant elevane. I det heile bør arbeidsformene bli meir allsidige og varierte i naturfag enn tilfellet er i dag. Dermed blir det mogeleg for skolen å gje ei undervisning i faget som kan føre til betre utbyte for fleire elevar.
Skann 200 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 198». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/200/