SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 197 skann 199

197 Zoologi. Virvellause dyr: Kort og generell gjennomgåing av : Eincella dyr, holdyr, markar, leddyr, blautdyr og pigghudingar. Vanlege og karakteristiske arter innan kvar rekkje må få ein kort omtale. Ein legg særleg vekt på arter som er lette å finne på ekskursjonar. Om tilpassingar og korleis forholda er avhengige av kvarandre i dyreriket: Næringsforhold mellom plantar og dyr. Næringskjede - næringspyramide. Næringskonkurranse med døme på tilpassingar til miljøet. Krava dyra set til miljøet som bakgrunn for utbreiing (dyregeografi). Følgjande samfunn tek ein med, og typiske dyrearter for dei ulike samfunna må nemnast: fjell, skog, strand (fjære), vatn og vassdrag, havet. Særpreg for nordlege faunaelement. Særpreg for faunaelement i varmare land. Arvelære : Definisjon (eksemplifisering) av omgrepet arv. Kromosom. Genar. Kryssing mellom individ som er ulike i ein eigenskap. Korleis kjønnet blir fastsett. Litt om arv hos mennesket. Arv og miljø. Stråling og arv. 8. klassesteget.— Fysikk/Kjemi Partikkelnaturen til stoffet: Meir kompliserte grunnstoff. Det periodiske systemet. Fysiske og kjemiske forandringar. Tilstandsforandringar ut frå oppbygnaden av atom og molekyl i stoffet. Elektrisk straum og elektromagnetisme: Straumstyrke, spenning, motstand. Ohms lov. Effekt. Indusert spenning. Energioverføring. Transformator. Måleinstrument (amperemeter, voltmeter). Elektronrøyr. Likeretting. Katodestrålar. Katodestråleoscilloskop. Røntgenstrålar. Uorganisk kjemi: Elektrostatikk. Elektron som berarar av elektrisitet. lon. Oksydasjon og reduksjon. Affinitet. Kjemisk binding. Valens. Elektrolyse. Syrer, basisk løysing, salt (saltsyre, salpetersyre, svovelsyre, natrium- og kalsiumhydroksyd). Metall og ikkje-metall. Enkle lover for gassar og væsker: Trykk i gassar, lufttrykk, barometer. Fly (oppdrift) . Boyle-Mariottes lov. Forbrenningsmo torar. Gassar i lufta (luftureining) . Vatn. Hydrogen. Kjemisk sambinding. Kjemiske teikn (periodiske system). Enkle reaksjonslikningar. Forbrenning og brennbare stoff. I samband med vedkommande emne i fysikk/kjemi gjennomgår ein førstehjelp: Ulykker ved elektrisk straum, sjokk, etsande væsker. 9. klassesteget.- Mennesket, biologi og helselære Anatomi og fysiologi: I anatomi og fysiologi gjennomgår ein emna nedanfor. Næringsstoffa, kjemisk samansetning og energiinnhald (karbohydrat, protein, feittstoff, mineralstoff, vitamin, vatn) . Matvarer, samansetning og hygiene, herunder litt om matforgiftning og parasittar i mat. Stoffskiftefunksjonane . Meltinga med sekresjon, resorpsjon og assimilasjon. Åndinga og forbrenninga i cellene. Ekskresjonen. Blodomløpet og lymfeårenettet, blod og lymfe. Indre sekresjon. Hormon. Skjelett og musklar. Huda. Nervesystemet. Sanseorgana. Bakteriar og virus. Infeksjonssjukdomar, spesielt tuberkulose og kjønnssjukdomar (gonoré og syfilis). Kampen mot smittesjukdomar, herunder vaksinasjon, serumbehandling, litt om kjemoterapi. Helselære: Viktige helsereglar tek ein opp att, utdjupar dei og grunngjev dei. Rett kosthald, svevn, kvile, mosjon og friluftsliv, reinsemd og fornuftige kledeplagg. Skadeverknader av tobakk, alkohol og narkotika. Miljøvern, personleg og offentleg hygiene, sjukdomar, bustader, arbeid, rekreasjon, ureining av ymse slag, støy, tekniske inngrep til godt og vondt for vår livsførsel. Førstehjelp. Forplantninga: Befruktninga med overføring av arveanlegg frå mora og faren. Fosterutviklinga: morkake, navlesnor, fostervatn, fosterhinner.
Skann 199 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 197». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/199/