SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 17 skann 19

Det biletet elevane får av skolen Møtet med skolen Skolen i språkblandingsdistrikt Skolesamfunnet Elevane og skolen Gjennom lov og reglement, instruksar og fagplanar får ein eit inntrykk av den allsidige verksemda i skolen og dei mange og varierte oppgåver og problem som skal løysast. Samtidig er det viktig å vere klår over at dei ulike sidene ved arbeidet i skolen lagar eit mønster. Skolen står fram som eit miljø, som eit samfunn. Når elevane møter skolen for første gong, prøver dei å få eit bilete, eit samla inntrykk av korleis skolen som samfunn er. Dei einskilde faga, den einskilde timen, den einskilde læraren, den spesielle situasjonen er sjølvsagt viktig for korleis elevane opplever skolen, men tryggleik og trivsel er langtidsverknader av den samla kontakten med eit godt miljø. Når elevane møter skolen første gongen, er det viktig at forholda ligg godt til rette for ein jamn overgang frå det miljøet dei kjenner. I skolen råkar elevane mange fleire barn enn dei er vane til, og nye vaksne menneske vil ha kontakt med dei. Etter kvart lærer dei at det nye miljøet set visse krav til arbeid og åtferd, men at dei dg kan få nytte ut sine interesser og anlegg på nye område og på nye måtar. Dersom elevane skal trivast i skolen, må dei frå første dagen kjenne seg godtekne og velkomne. Å ta imot nye elevar på ein venleg måte er ei oppgåve for både eldre elevar, lærarar og styrarar. Her må ein samstundes vere merksam på kor viktig det er å få i stand god kontakt med dei føresette til elevane på eit tidleg tidspunkt. Når samarbeidet først er innleidd, er det betre vilkår for å unngå konfliktar og løyse oppgaver på ein heldig måte. I språkblandingsdistrikta er det ofte stor avstand mellom heimemiljøet til elevane og det miljøet dei møter når dei tek til på skolen. Å byrje på skolen kjennest ofte som eit skarpt brot med det tidlegare miljøet, og endå meir gjeld dette for dei mange elevane som må bu på internat i heile skoletida. Under slike omstende er det særs viktig å prøve å leggje tilhøva til rette for mest mogeleg jamn overgang frå heimemiljø til skolemiljø. Det er viktig å ha utdanna internatlærarar, internatpersonale og lærarar med samisk som morsmål. Berre i eit miljø der morsmålet hans fell naturleg inn og fullt ut vert godteke, vil førsteklassingen finne seg til rette. Lærarar som skal undervise i språkblandingsdistrikt, bør få innføring i dei spesielle undervisningsproblem dei kan møte her. Det kviler eit stort ansvar på skoleleiinga. Ein skoleleiar er ikkje berre administrator, han skal og ha kontakt med barna og foreldra. 2. Mønsterplan. Nyn.
Skann 19 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 17». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/19/