SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 196 skann 198

196 Lyd og lys: Lyd, lydbølgjer, tonar, larm. Lydfarten. Ekko. Musikkinstrument. Medtoning. Lys, lysfart. Den rettlinja gangen til lyset. Refleksjon, spegel. Bryting. Linser. Nærsynt, langsynt, briller. Lupe. Elektrisitet: Lommelyktbatteri. Leiarar og isolatorar. Straumkrins. Brytar, støpsel, kontakt, lampehaldar, sikringar, jordleidning, overleidning, kortslutning, lyspærer, elektriske omnar. 7. klassesteget.— Biologi Botanikk. Artskunnskap. Omgrepa art, slekt og familie. Av desse plantefamiliane gjennomgår ein dei som er mest kjende på staden: Soleiefamilien, rosefamilien, erteblomstfamilien, krossblomstfamilien, nellikfamilien, skjermplantefamilien, leppeblomstfamilien, maskeblomstfamilien, lyngfamilien, korgplantefamilien, liljefamilien, grasfamilien. I tillegg tek ein med nokre av dei viktigaste lauvtrea og buskane. Ein gjennomgår desse som ei gruppe utan omsyn til familieinndeling. Plantedekket i Noreg: Skiftet i vegetasjonen frå hav til fjell og skiftet med årstidene gjennomgår ein i grove drag. Av plantesamfunn tek ein med fjell, skogbotn, blomstereng, strand, innsjø. Bygnaden og funksjonane til plantane: Rot. Jordsmonn og gjødsling. Stengel, stamme. Blad. Transpirasjon. Ånding. Fotosyntese. Blomst. Pollinering. Befruktning. Frø og frukt. Frø- og frukspreiing. Zoologi. Bygnaden og livsfunksjonane til dyra i hovuddrag. -Virveldyr: Kort generell gjennomgåing av fellesdrag og av spesielle tilpassingar innan dei ulike klassane av virveldyr: Fiskar, amfibium, krypdyr, fuglar, pattedyr. Historia om livet på jorda Fossil. Utviklingslære. Darwin. Darwinismen. Miljø- og naturvern. Definisjonar og mål. Vern om jord, luft og vatn. Ureining av ymse slag (kjemisk og fysisk, emballasje m.m.). Støyproblem. Landskapsvern. Vern om arter som er truga. Den veksande belastninga på ressursane våre. 7. klassesteget.- Fysikk/Kjemi Partikkelnaturen til stoffet: Molekyl, atom og elektron. Fysiske eigenskapar hos faste, flytande og gassforma lekamar. Molekylfysikk - oppløysing, osmose, diffusjon, adhesjon, overflatehinna, kapillaritet. Enkle grunnstoff (ikkje periodisk system). Reine stoff. Blandingar (fysiske og kjemiske forandringar) . Grunnleggjande omgrep og lover i mekanikken: Masse, krefter og måling av dei. Tettleik. Tregleik. Arbeid, energi. Vektstenger, tyngdekraft og tyngdepunkt. Enkle lover for gassar og væsker: Arkimedes' lov, oppdrift. Førestelling om trykk og temperatur ut frå partiklar i rørsle. Enkle kjemiske teikn. 8. klassesteget.— Biologi Botanikk. Blomsterlause plantar: Bregnar, sneller og kråkefotplantar. Nokre vanlege arter. Litt om vekststaden. Formeiring. Mosar: Nokre få vanlege arter. Formeiring, veksestad. Soppar: Levemåten til soppane. Kva soppane har å seie for nedbrytinga av organisk materiale. Litt om korleis dei formeirar seg. Matsoppar. Soppsjukdomar på plantar. Gjærsoppar. Annan bruk av soppkulturar. Lav : Skorpelav, bladlav, busklav, skjegglav. Nokre få vanlege arter. Alger: Kort om livsvilkåra til desse plantane. Litt om formeiring. (Ikkje generasjonsskifte.) Nokre få vanlege arter. Bruk. Litt om plankton og næringskjeder. Bakteriar og virus : Førekomst og formeiring. Nytte og skade. Mikrobar som framkallar sjukdom, blir gjennomgått på 9. klassesteget.
Skann 198 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 196». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/198/