SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 192 skann 194

192 av svolten, folkeauken og problema den fører med seg, sosialmedisinske og samfunnshygieniske tiltak, spesielt yrkeshygiene og eldreomsorg. Anna som ein no tek med i undervisninga : Infeksjonssjukdomar, herunder kjønnssjukdomar. Kreft, reumatisme, belastningssjukdomar, allergiar, sukkersjuke, kosthaldsjukdomar som overvekt, jernmangel - anemi osv. Tobakk, alkohol og narkotika og skadeverknadene deira. Vanlege reglar for kroppsleg og mental hygiene. Bygnad og funksjon til forplantningsorgana. Ein legg no vekt på fosterutviklinga og forandringane i pubertetsalderen. Onanien blir omtala. Undervisninga bør vere etisk prega og i samsvar med skolens mål. FYSIKK/KJEMI Lærestoff frå fysikk /kjemi bør komme inn frå 5. klassesteget. Det kan på barnesteget ikkje bli tale om fagleg-systematisk undervisning i stoffet. Elevane må lære å bruke sansane, observere, undersøkje og måle, slik at dei blir kjende med somme av stoffa og tinga dei treffer på i dagleglivet, og slik at dei blir i stand til å forklare enkle samanhengar og fenomen av kjemisk-fysisk art som dei får kontakt med i arbeid og fritid. Kva vekt ein skal leggje på dei ulike delane av lærestoffet, bør rette seg etter m.a. interesser og føresetnader hos elevane og den aktuelle undervisningssituasjonen. Eit utgangspunkt for ordninga av lærestoffet kan vere fysisk-kjemiske emne som elevane kjenner frå stader og situasjonar dei er fortrulege med. Elevane må så tidleg som mogeleg bli kjende med apparatur og andre samlingar på naturfagrommet. Tryggingsreglar og ansvar for undervisningsutstyr bør ein ta opp tidlegast råd er i undervisninga. Elevane må stadig bli minte om ansvaret dei har overfor seg sjølv og andre, og faremomenta i samband med uforsiktig eller skøytelaus bruk av ukjende stoff. Heller ikkje på ungdomssteget er det noko siktepunkt å gjennomgå fullstendig dei ymse hovuddelane i fysikk og kjemi. Også på dette steget må interesser og føresetnader hos elevane i ein viss mon vere med å avgjere kva vekt ein skal leggje på dei einskilde emna. Men lærestoffet bør ein velje og organisere slik at det far ein indre samanheng og kastar lys over viktige prinsipp i faga. Elevane må bli fortrulege med viktige fysiske og kjemiske omgrep, og dei må få kjennskap til enkle måleinstrument og til bruken av dei. Enkle talutrekningar i samband med forsøk tek ein med. Tradisjonelt har bruk av viktige lover og andre resultat frå fysikk og kjemi hatt ein relativt brei plass i naturfagundervisninga. Når emnelista ikkje spesifiserer slik bruk, er det fordi at lærar og elevar skal stå friare til å velje ut frå til dømes dei interessene elevane har og dei lokale forholda. SI-einingane (m, s, kg, A, N, J, W osv.) bør bli innarbeidde konsekvent. 4.-6. klassesteget Det er høve til å gjennomgå lærestoffet for barnesteget i andre naturlege samanhengar enn dei som er nemnde her. Fysikk i heimen: Faste, flytande og gassforma stoff. Varme og varmeverknad. Lufta. Isolasjon. Stråling. Elektrisitet. Bruk av elektriske apparat i heimane. Fysikk på fjell og ved sjø: Nedbør. Lufttilstandar. Orientering. Trykk i væsker. Kommuniserande røyr. Fysikk i arbeidslivet: Arbeid, effekt, energi. Tyngd. Måling og veging. Fysikk i trafikken: Tregleik og friksjon. Forbrenningsmotoren. Lyd og lys: Lyd. Musikkinstrument. Lys. Refleksjon. Bryting. Auget. Elektrisitet: Lommelyktbatteri. Leiarar og isolatorar. Straumkrins. 7.-9. klassesteget Lærestoffet i fysikk/kjemi for ungdomssteget er ordna i åtte hovudgrupper som kvar for seg har ein indre samanheng. Til saman kastar dette stoffet lys over viktige hovudprinsipp i fysikk/kjemi. Det er høve til å
Skann 194 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 192». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/194/