SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 193 skann 195

193 gjennomgå stoffet i andre naturlege samanhengar enn dei som er nemnde nedanfor. Ein bør ta med somme viktige tekniske/ industrielle bruksmåtar som har tilknyting til lærestoffet. Partikkelnaturen til stoffet: Atom, molekyl og molekylfysikk. Aggr egattilstandar, tilstandsforandringar . Reine stoff, blandingar. Grunnstoff, kjemiske teikn, det periodiske systemet. Enkle lover for gassar og væsker: Trykk i gassar og væsker, oppdrift (Boyle- Mariottes lov, Arkimedes' lov). Luft og vatn, ureiningar. Forbrenning og brennbare stoff. Kjemisk sambinding, enkle reaksjonslikningar. Grunnleggjande omgrep og lover: Kraft, masse og tregleik. Reaksjonskraft. Rørsle, fart, akselerasjon, krinsrørsle. Lov om konstant masse, veging og kjemiske utrekningar. Elektrisk straum og elektromagnetisme: Straumstyrke, spenning, motstand, effekt. Ohms lov. Induksjon og energioverføring. Elektronrøyr, katodestrålar og røntgenstrålar. Optikk: Refleksjon, bryting. Fargespreiing (spektrum). Bølgjenaturen til lyset. Emisjon og absorpsjon. Den kjemiske og elektriske effekten til lyset. Uorganisk kjemi: Korleis atomet er bygd, elektron og ion som berarar av elektrisk ladning. Oksydasjon, reduksjon. Kjemisk binding, valens, affinitet. Elektrolyse, syrer, basar og salt. Metall og ikkje-metall. Kjernefysikk: Radioaktivitet, naturleg og kunstig. Atomspalting og atomenergi. 13. Mønsterplan. Nyn. Organisk kjemi : Viktige karbonsambindingar (kol, olje, hydrokarbon, alkoholar, karboksylsyrer, feittstoff, karbohydrat og protein). Litt om vaskemiddel, også syntetiske. Litt om plast. RETTLEIANDE ÅRSPLANAR Dei generelle merknadene i kapitlet om lærestoff i fagplanen gjeld også for dei einskilde årsplanane. Verken stoffvalet eller plasseringa på dei einskilde årsstega er bindande. Årsplanane er først og fremst meinte som rettleiing. Dei artene av dyr og plantar som er førte opp som representative for dei ulike biotopane, er såleis ikkje bindande artsutval. Det er høve til å gjere eit utval og til å ta med andre typiske arter i staden for dei nemnde, eventuelt einskilde arter under andre biotopar enn nedanfor. Framstillinga må ikkje bli rein artsopprekning. 4. klassesteget.- Biologi Biotopar. I skogen: Bartre: Furu, gran, einer. Lauvtre : Bjørk, selje, osp, gråor, rogn, hegg. Eit utval varmekjære lauvtre som finst på skolestaden. Blomsterplantar : Kvitveis, blåveis, skogstjerne, gaukesyre, gullstjerne, bekkeblom, nyperose, blåbær, tytebær, bringebær, jordbær, røsslyng. Blomsterlause plantar: Sisselrot, bjørnemose, reinlav, skjegglav. Fuglar: Storfugl, orrfugl* ringdue, flaggspett, nøtteskrikje, meiser, gauk, spurvehauk, kattugle, bokfink, svarttrost, måltrost, raudvengjetrost, gråtrost. Krypdyr : Hoggorm, buorm, stålorm, firfisle. Insekt: Maur, snutebille, målar, tømmermann. (Utvikling av insekt: Egg, larve, puppe, vaksen.) Andre dyr: Vevkjerring, skogsnigel, hagesnigel, skolopender. På myra : Plantar: Torvmose, myrull, soldogg, tettegras, molter. Fuglar: Trane, tiurleik og orrfuglspel.
Skann 195 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 193». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/195/