SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 191 skann 193

191 Plantedekket i Noreg: Skiftet i vegetasjonen frå hav til fjell og med årstidene. Plantesamfunn: fjell, skogbotn, blomstereng, strand, innsjø. Bygnaden og funksjonane til plantane: Rota. Stengelen. Bladet. Blomsten. Blomsterlause plantar: Bregnar, sneller og kråkefotplantar. Mosar. Soppar. Algar. Bakteriar og virus. stoff. Om tilpassingar og korleis forholda er avhengige av kvarandre i dyreriket. Hovuddrag om bygnaden og livsfunksjonane til dyra: Virveldyr. Virvellause dyr. Når ein gjennomgår dei ulike dyrerekkjene, legg ein hovudvekta på forholdet dyra har til omgjevnadene. Anatomiske detaljar nemner ein berre når dei kan kaste lys over viktige biologiske drag ved dyra. Vekta legg ein på organ for næringsopptak, ånding og forplantning. Arvelære. Historia om livet på jorda. Miljø- og naturvern. Plante- og dyrevern. Ureining, støy. Ressursdisponering. 2. Mennesket, biologi og helselære. I heile skoletida må elevane bli oppseda til å ta vare på helsa. Vanlegvis er undervisninga i helselære knytt til naturfag (biologi), men ofte vil det vere naturleg å ta utgangspunkt i kroppsøvinga. Det gjeld både anatomi og når elevane skal lære reglar for sunn levemåte og fornuftig hygiene, verdien av sol, lys, frisk luft, reinsemd, bad, regelfast kroppstrening, riktige klede, farane ved tobakk, alkohol, narkotika osv. På barnesteget har den læraren som kjenner elevane best, lettast for å ta opp emne frå helselæra, når stoffet blir aktuelt i ein klasse. Det er særs viktig at skolen i tide gjev den naudsynte første orienteringa om kroppslege og sjelelege forandringar i pubertetsalderen. Slik orientering må ein gje på 4. klassesteget, men ho kan for einskilde elevar vere naudsynt å få alt på 3. klassesteget. Særleg viktig er det at jentene blir orienterte om menstruasjonen før han er blitt aktuell for dei. Ein må gje saklege og korrekte opplysningar om forplantninga hos mennesket, slik at elevane lærer å sjå ope og naturleg på dette livsområdet, og å vise alvor og respekt i omtalen av det og å forstå at ansvaret deira også omfattar omsynet til eigen og andre sin personlegdomsvokster, omsynet til heim og til samfunn. Det er naturleg at også menneskeforplantninga blir gjennomgått i samla klasse. Rettleiing i prevensjon høyrer ikkje med i grunnskoleundervisninga. Eventuell rettleiing i bruk av ymse typar preventive middel kan ein medisinsk sakkunnig gje til einskildelevar etter samråd med føresette. 4.-6. klassesteget Gjennomgåing av helselære-anatomistoffet i 4. klasse bør avgrense seg til heilt enkle forhold. Hovudvekta må ein leggje på å innarbeide gode helsevanar hos elevane. Grunnleggjande helsereglar som gjeld mat og drikk, tenner og tannpleie, klede og reinsemd, frisk luft m.m. bør bli innarbeidde. Sjå planar for Ernæringslære og Tannvern. Oversyn over helselæra med naudsynt anatomi og fysiologi får elevane på 6. klassesteget. I samband med pleie av nervesystemet er det naturleg å komme inn på svevn og kvile og bruk av stimulans- og rusgifter. Elevane må også få kjennskap til andre rusmiddel enn alkohol, spesielt narkotiske stoff som i våre dagar blir mykje omtala. Orientering om skadeverknader etter bruk av tobakk og alkohol gjev ein på dette klassesteget. Også sniffing må ein ta med, med tanke på skadeverknader. Læraren må vere merksam på at behovet for undervisning kan melde seg uventa tidleg i einskilde klassar når det gjeld tobakk, alkohol og narkotika. 7.-9. klassesteget På 9. klassesteget avsluttar ein undervisninga om menneskebiologien og helselæra. Ein kan no dra nytte av det at elevane har større mognad, og ein bør gjennomgå emna også i eit vidare perspektiv, ta med til dømes matvareproblema i verda og verknadene
Skann 193 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 191». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/193/