SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 190 skann 192

190 i naturen som elevane har hatt og kunnskapar om plantar og dyr dei har frå undervisninga i heimstadlære. Ein må byggje vidare på dette grunnlaget, og elevane må fa opplysningar om viktige livsovringar som næringsopptak, ånding og forplantning. Særleg viktig er det at dei lærer å forstå samsvaret mellom bygnad og levevis, og at det går opp for dei korleis levande vesen er avhengige av kvarandre og av omgjevnadene. For at det skal bli lettare å forstå samanhengen i naturen, gjennomgår ein det botaniske og zoologiske lærestoffet for klassestega 4-6 i emne ordna etter ulike biotopar. Biotopane må presenterast som levestader for plantar og dyr, og korleis verknadene blir når menneska gjer inngrep i biotopane, må komme fram. Somme biotopar er like aktuelle overalt i landet, mens andre spelar større eller mindre rolle alt etter den geografiske staden til skolen. Den tida som i undervisninga blir ofra på dei ulike biotopane, bør derfor rette seg etter kor aktuelt stoffet er på skolestaden. Også rekkjefølgja til biotopane i undervisninga må ein vurdere fritt. Biotopar I hage og park Plantar. Pattedyr. Fuglar. Andre dyr. I huset: Plantar inne. Husdyr. «Skadedyr» i hus. På garden med åker og eng: Nytteplantar. Ugras. Husdyr. Andre dyr. I skogen: Plantar (tre) . Andre blomsterplantar. Blomsterlause plantar. Fuglar. Krypdyr. Insekt. Andre dyr. På myra: Plantar. Fuglar I ferskvatn: Plantar. Insekt. Fiskar. Fuglar. Pattedyr. Andre dyr. På fjellet: Tregrense. Plantar. Pattedyr. Fuglar. I fjæra: Flod og fjære. Plantar. Fuglar. Andre dyr. I havet: Plantar. Fiskar. Fuglar. Andre dyr. Plantar og dyr i andre land og verdsdelar: Det ein tek med om plantar og dyr i framande land, må avgrense seg til nokre arter frå kvar verdsdel. Ved artsvalet bør ein ta sikte på å få med det typiske for eit område, men også andre omsyn må ein ta. Det er til dømes naturleg å ta med plantar som har og har hatt ei viss handelsinteresse. Fugletrekk bør komme med også i geografisk samanheng. Lærestoffet kan ordnast på fleire måtar. Ein måte er å gje ein enkel omtale av planteog dyreliv i ulike verdsdelar, ein annan er å omtale plante- og dyrelivet slik det artar seg i dei ulike klimasonene. Vel ein den siste måten, må han vere skildrande og forteljande. Plantar og dyr i andre land i Europa, Asia, Amerika, Afrika og Australia. Dyr i arktiske strøk. 7.-9. klassesteget I regelen er det naturleg å gjennomgå vesentleg botanisk og zoologisk stoff på 7.-8. klassesteget, men biologi og helselære som gjeld mennesket på 9. steget. Både i botanikk og zoologi bør ein ta sikte på å utvide og halde ved like artskunnskapane, særleg om norske plantar og dyr. Elevane må bli kjende med ein del elementære fagord i morfologi og systematikk, og dei må lære å bruke floraer og zoologiske handbøker. Når ein gjennomgår dei ulike dyregruppene, tek ein med litt om fossile former, slik at elevane far eit visst grunnlag for å forstå hovudinnhaldet i utviklingslæra. Utviklingslæra står sentralt i biologien. Elevane må få kjennskap til hovudideane. I arvelæra hjelper ein seg med å bruke enkle døme, og ein tek med litt om kva arvelæra har å seie praktisk. Botanisk stoff. Artskunnskap: Omgrepa art, slekt og familie. Plantefamiliar som er framståande på staden. I tillegg nokre av dei viktigaste lauvtrea og buskane.
Skann 192 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 190». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/192/