SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 189 skann 191

c. Naturfag MÅL Undervisninga i naturfag skal ta sikte på — å gjere elevane kjende med den levande og den livlause naturen, - å lære dei å forstå kva naturvitskapen har å seie for korleis vi oppfattar verdsbiletet og for livsvilkåra, — å styrkje evne og vilje hos elevane til å verne om eiga og andre si helse og til å bruke naturrikdomane fornuftig, - å auke naturglede og samkjensle med alt levande. LÆRESTOFF Lærestoffet i naturfag er ordna slik at dei emna det skal undervisast i, er samla under fagdisiplinane biologi og fysikk/kjemi. Fysikk og kjemi er slått saman. Inndelinga er gjort av praktiske grunnar, m.a. for å få oversyn. Det vil ikkje seie at dei einskilde fagdisiplinane blir framlagde som fag kvar for seg. Siktemålet er å gje elevane ei heilskapsorientering om den levande og den livlause naturen. Mange emne frå naturfag har sterk tilknyting til samfunnsfag. Denne tilknytinga må spesielt på barnesteget bli utnytta i undervisninga og takast med når det gjeld val av lærestoff og presentasjon av stoffet. På 7. og 8. klassesteget bør timetalet i naturfag fordelast likt mellom biologi og fysikk/kjemi. På 9. klassesteget bør biologi med helselære få 1 time i veka. organismar er avhengige av kvarandre innbyrdes og korleis samspelet deira mot omgjevnadene er, slik dette m.a. kjem til syne i tilpassingar og næringskjeder. Desse emna er det naturleg å ta med når ein gjennomgår viktige norske biotopar (miljøtypar) og einskilde drag frå plante- og dyregeografi. Gjennom heile skoletida må ein i biologiundervisninga leggje vekt på å spore til aktivt miljøvern. Elevane må lære å forstå ansvaret dei har for eige miljø i vidaste forstand. Slik skjønsemd kan fremmast ved å ta opp naturvernsynspunkt og problemet med naturvett i undervisninga der det fell naturleg å flette dette inn. Biologiske omgrep og fenomen og fagord som er knytte til dei, må bli innførte etter kvart som dei er aktuelle i framstillinga. Spesielt bør fagord som gjeld forplantningsfunksjonen, bli drøfta i samband med stoff dei er naturleg knytte til. BIOLOGI 1. Botanisk og zoologisk stojj. Det botaniske og zoologiske stoffet må fordelast slik på dei ulike årstidene at ein mest mogeleg kan bruke materiale frå naturen i undervisninga. Ein må leggje stor vekt på å få fram korleis 4.-6. klassesteget Undervisninga i biologi på barnesteget må gje elevane noko kjennskap til dei vanlegaste norske plantane og dyra og litt kjennskap til dei viktigaste utanlandske artene. Utgangspunktet bør vere eigne røynsler og opplevingar
Skann 191 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 189». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/191/