SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 16 skann 18

16 Samarbeid mellom skole og heim. Samarbeid set krav til skolen. Samarbeid set krav til heimen. Kva samarbeidet bør omfatte. Skolen må sjå det slik at det her gjeld å skape eit ynske om og ein vilje til samarbeid. Skal dette lykkast, må samarbeidet få ein slik funksjon at elevane opplever det som verdfullt. Det må ha meining for dei og tene formål som dei tykkjer er rettkomne. Det er ikkje nok å halde på former for samarbeid dersom dei ikkje har reell verdi for innhaldet i samarbeidet. Eit godt samarbeid mellom lærarar og elevar legg også vilkåra til rette for trivsel og gode arbeidsforhold for alle partar i skolen. I mange tilfelle er det ynskjeleg at den einskilde eleven står i sentrum når skole og heim møtest, og det er derfor eit stort behov for samarbeid på det personlege planet. Skolen må i alle tilfelle kjenne det som ei oppgåve å gjere kva han kan for å tilfredsstille dei ynske heimen har om direkte og personleg kontakt med dei som har med deira barn å gjere. Eit godt samarbeid mellom skole og heim vil vere avhengig av at dei som representerer skolen, viser takt, slik at foreldre og føresette ikkje vik tilbake for å omtale private forhold når dette er ynskjeleg av omsyn til samarbeidet. Særleg viktig er det at dei som gjev opplysningar av privat natur, kan kjenne seg trygge for at opplysningane ikkje kjem vidare til uvedkommande. Av skolen krevst det dessutan stor forståing for kjenslefaktorane i tilhøvet mellom foreldre og barn. Det er ofte dei som gjev den viktigaste forklaring på at heim og skole har ulikt syn på same sak. Samarbeidet set store krav til heimen og. Først og fremst er det viktig at føresette blir klar over den nye situasjonen barna deira er i på skolen. Dei som har med barnet å gjere på skolen, vil kanskje sjå andre sider av det enn foreldra har sett i heimen. Like viktig er det at heimen forstår dei praktiske vanskane det fører med seg at skolen har dei same pliktene overfor alle sine elevar. Røynsla syner at foreldre først og fremst er interesserte i den faglege framgangen elevane gjer på skolen. Interessa bør og omfatte utvikling av karakter og personlegdom hos elevane. Samarbeidet vil i første rekkje ta form av ei utveksling av opplysningar. Men dette er ikkje nok. Samarbeidet bør og omfatte felles drøfting av mogelege årsaker og botemiddel når eit eller anna ikkje er som det bør vere. Det er svært viktig at både skole og heim gjer sitt til å skape den gjensidige tillit og forståing som gjer eit slikt samarbeid mogeleg.
Skann 18 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 16». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/18/