SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 181 skann 183

181 seg i ulike situasjonar, og kva ein ventar av dei etter kvart som dei blir eldre. Men undervisninga må ikkje berre vere moraliserande. Elevane må få sleppe til med diskusjon og aktivt meiningsskifte. Lærestoffet skal vere orienterande, det skal fremme positive interesser og vere med på å skape ei aktiv innstilling hos elevane. I eit fag som samfunnskunnskap må skolen alltid ta omsyn til innstillinga i heimane. I mange høve er samfunnsnormene heilt klåre. Det same gjeld dei lover og vedtekter som alle borgarar i vårt samfunn må bøye seg for. Likevel må skolen rekne med at elevar kjem frå heimar som ser ulikt på mange ting. Læraren må prøve å unngå å komme i konflikt med slike avvikande syn. Oppgåva hans er først og fremst å leggje fram stoffet på ein sakleg og objektiv måte. Han kan presisere kva som er vanlege oppfatningar og gjere greie for dei føresegnene som gjeld, men skal ikkje setje seg til doms over dei som har eit avvikande syn. Den orientering skolen gjev, må vere allsidig og så objektiv som mogeleg. Elevane må fritt kunne drøfte ei sak og komme med spørsmål og motargument. Ut frå lærebøkene, den orientering læraren gjev og det som kjem fram i klassen, skal eleven sjølv gjere seg opp ei meining om dei spørsmål det gjeld. Heimen og skolen er dei delane av samfunnet som først kjem med i undervisninga. Når det gjeld samfunnet elles, må orienteringa nødvendigvis bli på eit meir teoretisk plan. Skolen må likevel gjere sitt beste for å bryte den isolasjonen han lett kjem i. Klassevis og gruppevis bør elevane dra på ekskursjonar og studiebesøk. Dei kan vitje arbeidsplassar, institusjonar og offentlege kontor, vere til stades i kommunestyremøte, under ei rettssak 0.1. Kvar for seg og i mindre grupper kan dei intervjue personar som kjenner særleg godt til det som skal studerast. Stundom skulle ein og kunne få folk til å komme på skolen for å orientere eller la seg intervjue. Skolen må gradvis utvide perspektivet når det gjeld samfunnssyn, slik at elevane kjenner ansvar for dei oppgåvene dei skal vere med på å løyse i ulike grupper. Familien er ei gruppe. Det same er kamera tfiokken, skolemiljøet og den skolekrinsen som elevane bur i. Kommunen og landet er større einingar. Av omsyn til samfunnet og fellesskapet må einskildmennesket ofte slå av på sine personlege krav til fri utfalding. Samtidig som elevane får øving i felles ansvar, må dei lære å setje pris på dei gode som eit velordna samfunn gjev til vederlag. I våre dagar trengst det at elevane lærer å sjå seg sjølve som medlemmer av det store verdssamfunnet som omfattar heile menneskeætta. Elevane må få ei kjensle av at dei høyrer saman med menneske som bur i land der dei aldri har vore, med folk som talar språk som dei ikkje forstår, som ser annleis ut, som har annan hudfarge, og som lever under andre forhold enn dei elevane kjenner frå heimstaden. Bak alt som er annleis, i ytre forhold, i utsjånad, og i tru og tenkjemåte, må elevane lære å forstå at dei finn menneske som dei sjølve. På ungdomssteget kan ein gå meir nøye inn på samfunnsskipnaden og dei offentlege organ som skal løyse felles oppgåver. Alt på barnesteget bør elevane få noko kjennskap til kommunen og dei kommunale oppgåvene. På ungdomssteget bør dei få ei breiare oversikt. Ein knyter stoffet til aktuelle problem på heimstaden, eller saker som elevane er opptekne av. Mange gonger vil det vere naturleg å komme inn på interkommunalt samarbeid og arbeidsoppgåver som blir løyste på det fylkeskommunale planet. Alltid når det er tale om det offentlege, må ein poengtere kor viktig det er for oss alle. Samfunnskunnskap må aldri bli ei institusjonslære der samfunnsskipnad og verkemiddel blir behandla på eit heilt teoretisk plan. Skolen skal gje ei brei orientering om vår demokratiske styreform og om korleis ein tek opp og behandlar saker i ulike organ. I denne samanhengen må skolen gje opplysning om dei politiske partia og det grunnsyn dei har på viktige spørsmål. Framstellinga må vere sakleg. Sjølv om læraren ikkje alltid er samd med elevane i deira argument og standpunkt, må han vise respekt for alle. Oppgåva til læraren er alltid å gje orientering slik at elevane kan ta sine eigne standpunkt. I samfunnskunnskap kjem ein ofte inn på spørsmål som gjeld holdningar, verdimønster og livssyn i det heile. Her må skolen leggje forholda til rette for ei fordomsfri og positiv innstilling hos dei unge. Når det gjeld andre trudomssamfunn og religionar, må elevane få ei objektiv orientering om det viktigaste ved dei ulike
Skann 183 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 7

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 181». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/183/