SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 182 skann 184

182 læresystema, lære å respektere menneske som vedkjenner seg andre religionar, og fa ei innstilling som er prega av skjønsemd og toleranse. Det same gjeld tilhøvet til menneske som har andre skikkar og eit anna samfunnssyn. 4.-6. klassesteget Undervisninga skal ta utgangspunkt i elevane sitt eige miljø. Ein knyter stoffet til situasjonar som elevane kjenner og forstår ut frå sine eigne røynsler. Gjennom dei eksempla ein vel ut, skal elevane få skjøn for kva krav samfunnet set til dei, og kva for rettar og plikter dei har i samvære med andre menneske heime, på skolen, og ute blant andre. Gjennom lærestoffet skal elevane bli orienterte om oppgåvene i samfunnet og dei problem menneske i andre land og under andre forhold har å stri med. Her kan ein samanlikne med dei forholda vi lever under, og komme inn på det vi kan gjere for å gje hjelp til dei som treng det. 7.-9. klassesteget På ungdomssteget må elevane få innsyn i dei menneskelege og materielle faktorane i samfunnet, dei må bli kjende med politiske funksjonar og sosiale problem og problemløysingar, på det kommunale, statlege og internasjonale plan. Det vil vere naturleg å ta utgangspunkt i ungdomsproblem og andre saker som elevane er opptekne av på desse klassestega. Skolen må og ha eit ope auge for dagsaktuelle samfunnsproblem og ta dei opp i tilknyting til det elevane interesserer seg for. Undervisninga i samfunnskunnskap skal omfatte stoff frå følgjande saksområde : Kontakt og påverknad. — -Næringsliv, yrke og økonomi. Sosiale spørsmål. Lov og rett. Politikk. I samfunnsfag skal ein gje oversyn over andre religionar og livssyn og arbeidet for fred og forståing mellom nasjonane. Den generelle delen av yrkesorienteringa tek ein i samfunnskunnskap under saksområda næringsliv, yrke og økonomi. For praktisk yrkesorientering og spesiell orientering om enkeltyrke skal det vere eigne opplegg. RETTLEIANDE ÅRSPLANAR GEOGRAFI 4. klassesteget På fjellet: Fjelldalar og fjellområde. Brear. Finnmarksvidda. Samiske stadnamn i Nord- Noreg. I skogsbygda: Dalføra på Austlandet. Elvar. Trøndelag. På garden: Flatbygdene på Austlandet. Jæren. Trøndelag. Ved kysten: Sørlandet. Vestlandet. Nord- Noreg. I fjordbygda: Vestlandsfjordane. Industristader. Topografisk oversikt over Noreg. 5. klassesteget Topografisk oversikt over Europa Kva vatnet har å seie: Drikke, matstell, hygiene, jordbruk, vasskraft, havet, hav■straumar. Atlanterhavskysten . Fjellområda i Mellom-Europa Industriområde i Europa. Ved Middelhavet. Store vassvegar i Europa. (Volga, Rhinen, Donau.) Lågland i nord og aust. I byane: Samferdsel. Handel. Transport. Hovudstaden. Institusjonar. Landsstyre. Storbyen. På fiske: Øygarden. Eit fiskevær. Fiskeplassar. Kystfiske. Havfiske. Våre nordiske granneland: Ein rundtur i Norden. Natur. Næringsliv. Folk. Fellesskap. Nordkalotten. 6. klassesteget Topografisk oversikt over verdsdelane. I arktiske strøk: Sibir. Grønland. Nord- Canada. Antarktis. Samar, eskimoar og naturfolk i Sibir. Dei store skogane: Taigaen i Sibir. Nord- Europa. Nord-Amerika. Skogsdrift. Steppe: Sentral-Asia. Pampas i Argentina. Prærien i Nord-Amerika. Fedrift. Korndyrking. Ørken: Sahara. Kalahari. Arabia. Australia. Naturfolk. Beduinar. Savanne: Sentral-Afrika. India. Husdyrhald. Jordbruk. Den tropiske regnskogen: Kongo. Amazonasområdet. Søraust-Asia. Plantasjar. Naturfolk. Fjellområde: Tibet. Andesfjella. Folkerikaste områda i verda: India. Kina. Japan. Java.
Skann 184 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 8

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 182». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/184/