SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 180 skann 182

180 arbeidd for fred, og det må understrekast at krig, vald og undertrykking er uverdige måtar å løyse konfliktar på. Skolen skal i si undervisning arbeide for fred og samhald mellom nasjonane, og dette er særleg viktig i historieundervisninga. I denne samanhengen er det naturleg å ta opp framvoksteren av mellomfolkelege rettsreglar og menneskerettsomgrepet. På dei øvste klassestega kan ein ved lengdesnitt samanlikne utviklinga i vårt eige land og den vestlege verda elles med utviklinga i andre delar av verda. Ein må prøve å komme fram til årsakene til at ein del av verda har ein rask materiell vokster, medan andre delar blir liggjande etter. Ofte kan ein ta utgangspunkt i det dagsaktuelle. Det kan vere ei utgraving, funn som blir gjorde, eller aksjonar som blir sette i gang. Ein må komme inn på oppgåvene til kulturvernet og det arbeidet museum og andre institusjonar gjer til vern om fornminne. På dei øvste stega bør elevane fa kjennskap til det arbeidet som er gjort, og som stadig blir gjort, for å utvide vår kunnskap om tidlegare tider. Det er viktig at undervisninga heile tida er på høgd med nye forskingsresultat. Synet på eldre tider og andre kulturar, vår eiga tid og vår eigen kultur bør alltid vere ope for nye inntrykk og endra innstillingar. Skolen må ikkje binde elevane så sterkt til eitt bestemt syn at det blir vanskeleg for dei å utvide sin kunnskap og utvikle sine innstillingar på eit seinare tidspunkt. 4.-6. klassesteget Undervisninga blir konsentrert om tidsmiljø som kastar lys over livet på heimstaden, i vårt eige land, i vår kulturkrins og i nokre fjernare kulturar i eldre tid. Hovudparten av stoffet hentar ein frå tida før år 1700. I den mon det er ynskjeleg, kan ein dra inn stoff frå seinare periodar. Det kulturhistoriske stoffet bør få brei plass i framstellinga, og ein må få med stoff som viser utsnitt av livet i ulike lag av samfunnet. Fordjuping i utvalde emne vil vere den naturlege framgangsmåten. Ein reknar ikkje med at ei fullstendig kronologisk gjennomgåing er formålstenleg på desse klassestega. 7.-9. klassesteget Undervisninga byggjer på det grunnlaget som er lagt i barneskolen. På ungdomssteget kan ein leggje større vekt på å dra opp hovudlinjene i utviklinga. Dette gjeld utviklinga i vårt eige land, i vår kulturkrins og i verda elles. Ein legg størst vekt på tida frå ca. 1700 og fram til våre dagar. I nokon mon vil det vere nødvendig å dra inn stoff frå tidlegare periodar. I planen er stoffet samla som emne. Ein tek til dels for seg emne som gjev eit bilete av ein epoke, knytt til eit land eller til eit større område. I andre emne prøver ein å vise utviklinga over ein lengre periode i ein viss del av verda. Andre gonger er stoffet samla som emne der ein med eit lengdesnitt viser korleis utviklinga på eit bestemt område har gått for seg. Emna kan såleis delast inn i tre typar: epokar, regionar og lengdesnitt. I undervisninga bør ein bruke eit utval der alle typar er representerte. På ungdomssteget bør ein ta for seg nokre regionar og kaste lys over utviklinga i seinare tid og forholda i dag i dei områda det gjeld. Ein kan dra inn folkeauken og forandringane i folkesetnadsstrukturen og særlege forhold i råstofftilførsel og produksjon, industrireising, handel 0.1. Så langt det er råd, bør faget vere framtidsretta, slik at ein stadig tek vilkåra i framtida og den utfordring som ligg i vidare framgang for alle folk på jorda, opp til drøfting. Med den raske utviklinga på nesten alle område kan undervisninga og dei fakta ho byggjer på, fort bli forelda og lite i pakt med dei verkelege tilhøva. Det er derfor viktig at elevane får klårt for seg at den orientering dei har fått, og dei kunnskapar dei har tileigna seg i skolen, i mange høve må takast opp til ny vurdering på eit seinare tidspunkt. SAMFUNNSKUNNSKAP På barnesteget må undervisninga i samfunnskunnskap for ein stor del byggje på stoff som elevane kjenner frå før. Vanlege reglar for takt og tone, for orden og åtferd, både heime og ute blant andre, er slikt som elevane er kjende med lenge før dei tek til på skolen. Skolen skal gje elevane opplysning og rettleiing om korleis dei skal te
Skann 182 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 6

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 180». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/182/