SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 15 skann 17

15 Ein tolerant og vidsynt skole. stelling av alle emne. Han må ikkje underslå meiningsskilnad om dei spørsmål ein kjem inn på, men tvert imot gjere sitt beste for at elevane skal fa kjennskap til ulike syn og meiningar, og dermed møte den utfordring som ligg i slik meiningsskilnad. Skolen må og gje uttrykk for meiningar i sin presentasjon av lærestoffet, men ikkje slik at elevane ikkje får høve til å vurdere sjølvstendig. Når skolen skal fremme ndsfridom og toleranse, må det overfor elevane vise seg i den fridom dei sjølv får, i den tillit dei sjølv har, og i den vilje skolen legg for dagen til å forstå dei og respektere dei. Toleranse og overtyding. Med sitt føredøme og med direkte rettleiing kan skolen fremme ei vidsynt og tolerant holdning hos elevane. Skolen må gje elevane øving i å sjå at ei sak har fleire sider, og også øving i å gjere sakleg greie for meiningar dei sjølv ikkje deler. Skolesamfunnet må organiserast slik at elevane lærer å respektere og samarbeide med medelevar som er annleis, og som tenkjer og kjenner annleis enn dei sjølv. Men skolen må også forsøke å få elevane til å skjøne at ein ikkje alltid kan hevde toleranseidealet vilkårslaust. Det kan hende at desse verdiane kjem i konflikt med andre verdiar. Konkrete døme kan hjelpe elevane til å forstå korleis slike konfliktar blir til, og korleis ein kan finne ei løysing. Skolen må leggje vinn på å vise elevane at toleranseidealet ikkje skal vere ei hindring for å komme fram til ei personleg overtyding og hevde ho uavkorta. Risiko for konflikt. Det kan tenkjast at grunnskolen kan komme til å oppleve ein konflikt mellom toleranseidealet og dei verdiane han elles er bunden av. I slike tilfelle må skolen prøve å finne ei løysing som dei fleste heimar kan godta. Dette må gjelde både på landsbasis og i den lokale krinsen. Grunnskolen skal vere for alle, utan omsyn til skilnader i synet på kultur- og samfunnsspørsmål. Skolen må innta standpunkt. Kravet til grunnskolen om at den skal vere vidsynt og tolerant tyder ikkje at han kan stille seg utanfor kvar strid og vere utan synstad til kvar meiningsskilnad. At skolen representerer visse verdiar og syn er i røynda turvande dersom kravet om åndsfridom og toleranse skal ha noka meining. Verdinøytralitet vil gjere all oppseding og opplæring umogeleg. Samarbeidsformer. Gode samarbeidsformer mellom alle som har sitt yrke i eller er knytte til skolen, er både eit mål og eit middel. Det er eit mål skolen må sikte mot frå første til siste steget. Gjennom dei samarbeidsorgana som er nemnde i grunnskolelova, skal ein prøve å dra alle grupper i skolefellesskapet med i samarbeidet, slik at alle får innverknad og rett til å vere med å ta avgjerd. Utan eit godt samarbeid mellom lærarar og elevar kan ikkje skolen gjere det ein ventar han skal gjere. I den pedagogiske situasjonen som skolen representerer, må samarbeidet mellom lærarar og elevar ta sikte på gradvis å utvikle demokratiske idear og demokratisk praksis. Det må føre til forståing av kva som ligg i desse ideane, kva dei gjev av rettar, og kva dei krev av ansvarskjensle og offervilje. Eit reelt samarbeid. Ei opplæring i samarbeid etter demokratiske prinsipp må leggje stor vekt på å gje forståing for dei rettar og plikter eit fleirtal og eit mindretal har. Elevane må få direkte personleg røynsle for kor naudsynt det er for samarbeidet i eit samfunn at dei fa og dei mange viser kvarandre gjensidig respekt. Manglande samarbeidsvilje er like skadeleg i skolesamfunnet anten det er mindretalet eller fleirtalet som har skulda for det.
Skann 17 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 15». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/17/