SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 176 skann 178

b. Samfunnsfag MÅL Undervisninga i samfunnsfag skal ta sikte neske og grupper, og hjelpe elevane til å forstå korleis konfliktar kan oppstå på — å gjere elevane kjende med kva eit samfunn er, korleis det utviklar seg og korleis det verkar, og korleis ein kan etablere og bevare samarbeid, — å stimulere elevane til aktivt og ansvarleg sosialt engasjement. — å utvikle kjennskap til og forståing for levemåte og tradisjon til andre men- GEOGRAFI Undervisninga i geografi skal gje orientering om vårt eige land og resten av verda, med hovudvekt på samanhengen mellom naturtilhøve, busetjing, levevilkår, næringsliv og kulturliv. Grunnskolen skal vekkje og utvikle interessa for korleis menneska lever og arbeider i ulike delar av verda og auke samkjensla med menneske som lever under andre forhold og andre himmelstrøk. Elevane må lære å forstå det ansvaret som kviler på kvar einskild i eit fellesskap som omfattar heile menneskeætta. Orientering om næringsliv, produksjon og handel i ulike delar av verda skal vise elevane korleis landa er avhengige av kvarandre, og korleis ei fornuftig utnytting av naturressursane og ei jamnare fordeling av dei materielle goda kan betre levevilkåra for mange menneske. HISTORIE Undervisninga i historie har til oppgåve å orientere elevane om korleis menneska levde og arbeidde i tidlegare tider, i vårt eige land, i vår kulturkrins og i fjernare kulturar. Undervisninga skal vekkje og utvikle interessa for menneske som har levd før oss og for tidlegare kulturformer. I lærestoffet skal elevane møte åndsverdiar som er skapte av tidlegare generasjonar. Ein må prøve å utvikle sansen for tidsperspektivet og samanhengen i den utviklinga som har skjedd, så elevane betre kan forstå den verda vi lever i. Elevane skal og bli orienterte om kulturvern og det arbeidet som museum og andre institusjonar gjer til vern om fornminne og anna materiale frå fortida, som det er vår oppgåve å gje vidare til våre etterkommarar. SAMFUNNSKUNNSKAP Undervisninga i samfunnskunnskap har til oppgåve å gje elevane orientering om ulike grupper og samfunn, om samarbeid og konfliktar i heim og skole, i nærsamfunnet, på det nasjonale plan og i verdssamfunnet, og om dei rettar og plikter elevane har. Interessa for samfunnet i dag og i framtida skal vekkjast og utviklast. Gjennom aktuelt
Skann 178 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 176». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/178/