SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 177 skann 179

177 lærestoff skal dei unge aktiviserast til beste for seg sjølv og for samfunnet. Målet er ei positiv og byggjande innstilling til oppgåver og problem som skal løysast i heim og lokalsamfunn, på det nasjonale og det internasjonale plan. Elevane skal orienterast om kva utdanning dei kan få, om arbeidslivet, det politiske liv og andre sider ved samfunnet. Samtidig skal skolen gjere sitt til at elevane far lyst og interesse for å nytte ut fritid og feriar på ein god og tenleg måte. LÆRESTOFF I samfunnsfaga har ein med lærestoff å gjere som formidlar idear, verdioppfatningar og livssyn, både frå vårt eige samfunn, frå tidlegare tider og frå andre himmelstrøk. Faggruppa omfattar stoff som i mange høve kan vurderast ulikt avhengig av det standpunktet ein vurderer ut frå. Dette set store krav til lærebøkene si framstilling og til undervisninga i det heile. Det er naudsynt å gjere eit utval av det stoffet som det er gjort framlegg om i planen. Mykje av stoffet er sterkt engasjerande, og det er ofte ein føremon, fordi det skaper interesse hos elevane. Men det ber og i seg ein fare for at elevane blir så sterkt kjenslebundne at det ikkje blir grobotn for motførestellingar og allsidig vurdering. Lærestoffet er samla i emne for kvart fag. Emna er fordelte på barnesteget og ungdomssteget. Planen har og eit framlegg om fordeling på klassestega. Kor mange emne ein kan rekke å gå gjennom i eit skoleår, vil for ein stor del vere avhengig av det timetalet ein har til rådvelde. Av dei emna det er gjort framlegg om, kan ein leggje hovudvekta på somme og gå lettare over andre. Emne som er grundig gjennomgått i heimstadlære, kan ein leggje mindre vekt på seinare på barnesteget. Ein kan og sløyfe visse emne og dra inn stoff som det ikkje er gjort framlegg om i planane. Dette må likevel ikkje gjere fordelinga av stoffet så skeiv at viktige og sentrale delar blir forsømde. I ein viss mon må lokale forhold få spele inn når ein vel stoff. I samfunnsfaga kan det vere tenleg å halde levande for tanken at like mange millionar kvinner og menn i dag lever i samfunn som er bygt opp av like mange milliardar 12. Mønsterplan. Nyn. kvinner som menn gjennom hundretusentals år. Ein kan skape ei undring og interesse for manneætta sine namnlause velgjerarar som for om lag 9000 år sidan la grunnlaget for kulturen vår, først og fremst gjennom å utvikle jordbruk som gjorde busetnad, matlagring, planlegging og samfunnsskiping mogeleg. Moderne vitskap tilskriv i høg grad kvinnene ein stor lut av desse viktige framstega. Og dette kan knytast saman med t.d. den økonomiske stoda i dag i store delar av Afrika, der kvinnene står i fare for å misse tradisjonane sine som næringsdrivande i jordbruk og handel når samfunnet møter moderne teknologi. Der det i ein historisk situasjon er jamvekt mellom mannleg og kvinneleg innslag, må båe takast med. Det er utruleg mange døme på at lærebøker tek bort kvinnelege innslag. Lærebokforfattarane og lærarane bør meir medvete gå på jakt i faglitteratur og kjeldemateriale etter opplysningar om dugande kvinner og vere på utkik etter interessant kvinnestoff i dags- og tidsskriftpresse og i massemedia. Ein bør ta sikte på å klårleggje årsakene til at kvinner ikkje har hatt høve til å innverke på den historiske utviklinga i same mon som mennene. Innanfor geografi er det gode vilkår for ei balansert framstilling, t.d. miljø der mannsog kvinnerolle, familieskipnad, arbeidsdeling, nærsamfunn kan vere heilt annleis enn hos oss. Læraren bør setje opp ein årsplan for fordeling av stoffet på dei ulike klassestega og for rekkjefølgja av emna på kvart steg. Her bør han ta omsyn til om det er råd å koordinere lærestoffet i samfunnsfaga med andre fag. Dette gjeld særleg koordinering med norskfaget. Det vil i stor mon vere naturleg å sjå undervisninga i samfunnsfag og norsk under eitt. GEOGRAFI Gjennom massemedia og på andre måtar blir elevane orienterte om forholda i fjernare strøk lenge før dei far høyre om dette stoffet på skolen. Det er ikkje alltid dei land og verdsdelar som ligg nærmast, dei er mest opptekne av. Det globale perspektivet bør heile tida vere
Skann 179 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 177». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/179/