SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 175 skann 177

175 sakser, penslar og anna verkty, hyller eller skåp til å ha arbeid og materiell i, plass til utstillingar på bord eller vegg, tavle i låg høgd, ei eller fleire sandkasser og handvask. Bilete og demonstrasjonsmateriell bør ein ha for handa, like eins lesestoff av ulik vanskegrad. Kvar elev kan ha ein samleperm til å ha arbeida sine i. Sidan innhaldet i faget må variere på det lokale planet, vil det og vere ein viss skilnad frå stad til stad når det gjeld behovet for hjelpemiddel. Både den einskilde kommunen og den einskilde skolen kan ha sine særskilde behov. Det gjeld t.d. lokalhistorisk stoff, bilete eller ting av lokal interesse. Mange stader kan det vere nyttig å arbeide ut faste ekskursjonsprogram som kan brukast frå år til år. Det vil vere ei viktig oppgåve for kvar skole eller for kvar kommune å arbeide ut slike ekskursjonsprogram, og i det heile skaffe det stoffet og materiellet som er av spesiell interesse i heimstadlære på vedkommande stad. Mykje av stoffet kan gjerast åskodeleg med det materialet som ein kan ta inn i skolen, men ofte må klassen ta turar for å oppleve stoffet i sin rette samanheng. Alt etter kva ein arbeider med, må ein ut i skog og mark, ut til det trafikkerte gate- eller vegkrysset, ein må gå i butikken, på bedrifta, bondegården, torget og andre stader. Elevane må ut på slike turar ikkje berre for at dei skal fa realistiske førestellingar og omgrep, turane skal og skape trivsel og gje variasjon i arbeidet, og elevane skal få gleda av å oppleve levande natur. Under arbeidet med stoffet i heimstadlære må elevane ofte fa hjelp og oppmuntring til å gjere systematiske åtgåingar. Spørsmålet om kva dei bør prøve å leggje spesielt merke til når dei skal ut på ein tur, bør drøftast av elevar og lærar i fellesskap før turen. Kvar for seg eller i grupper kan elevane få til oppgåve å sjå etter visse ting på turen og kanskje ta slike ting med tilbake til skolen. Når ein arbeider på skolen, kan det gjerast systematiske observasjonar t.d. i samband med spiringsforsøk, stell av plantar, måling av temperatur, utarbeiding av kalender 0.1. Men ein må heller aldri forsømme å nytte ut det elevane ser og opplever, sjølv om det ligg utanfor den planen som er lagd. At læraren fortel og samtalar med elevane må ha brei plass i undervisninga. Mest mogeleg bør forteljinga og samtalen vere knytt til visuelle hjelpemiddel, den originale tingen, modellar, teikningar, bilete eller film. Det læraren seier, bør i første rekkje hjelpe elevane til sjølv å leggje merke til og sjølv å gjere seg sine tankar, og dermed hjelpe dei til både å stille spørsmål og gje svar. Etter kvart som elevane lærer å lese, må ein og gjere flittig bruk av høveleg lesestoff. Det blir da ei viktig oppgåve for læraren å finne stoff som høver til emnet, og å skaffe det til elevane. Det er i det heile behov for mange slag læremiddel og mykje utstyr til dei ulike formål: modellar, ting frå det praktiske liv, lyd- og biletmateriell, bøker og andre trykte læremiddel. Vidare må det skaffast maskinar og apparat som trengst til stell i hus og hage, fysikk og kjemi i heimen, varmekjelde, koppar, kar og anna utstyr for praktiske aktivitetar i heimkunnskap. Det same gjeld reiskapar, materiell og utstyr til enkle formingsaktivitetar. Viktig er det at dei nødvendige hjelpemidla er tilgjengelege for lærar og elev. Mange apparat bør få plass i kvart rom der ein driv undervisning i heimstadlære, t.d. skriftprosjektør.
Skann 177 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 175». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/177/