SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 174 skann 176

174 skal hjelpe det til å halde fram med å utforske verda si på same måten som før skolegangen tok til. Det er ein føresetnad for arbeidsmåten at ein har mykje konkret materiale å arbeide med i heimstadlæreundervisninga. Til dels kan elevane sjølv ta dette med til skolen. Det kan vere leiker, bilete, blomar, kongler, tybitar, pinnar, friikt, bær, blad, kornaks og anna frå omverda — i det heile ting av alle slag som det kan skapast noko av, eller som kan tene til å gjere lærestoffet levande. Elevane bør i alle tilfelle fa ein god del manuelt arbeid i samband med heimstadlæreundervisninga. Når ein klasse skal ta fatt på eit emne, må arbeidet planleggjast nøye, og dette bør lærar og elevar gjere i fellesskap. Ein bør t.d. spørje: Korleis skal vi få vite noko om dette emnet? Kan vi spørje nokon? Kan vi lese om det? Kan vi sjølv fortelje om det i sandkassa? Kan vi lage ein song om det? Kanskje nokon kan gjere det eine og nokon det andre? Også når det gjeld den praktiske gjennomføringa, bør klassen prøve å komme fram til faste reglar, t.d. med omsyn til lagring og rydding av utstyr og materiell, arbeidsfordelinga mellom og innanfor eventuelle grupper, fordeling av ansvar for ulike gjeremål o.m. Det elevane opplever og får greie på, må dei helst fa gje uttrykk for på ein eller annan måte med ein gong. Det som dei er opptekne av, må dei få fortelje om, med ord, med form og farge eller lyd og rørsle. Ein må særleg vere merksam på at det er naturleg for barn å uttrykkje seg ved mime eller ei anna form for dramatisering. Ofte vil det gje dei ei ekstra glede om dei har gjester i klassen når dei har noko å vise fram. Gjestene kan vere foreldre, barn frå ein barnehage, elevar frå andre klassar, andre lærarar eller skolestyraren. Dersom elevane kan fa ta småarbeid med seg heim, kan det gje naturlege høve til kontakt og samarbeid mellom skole og heim. Så langt det er råd, må arbeidet individualiserast. Ein må ikkje berre ta omsyn til og respektere ulike evner og interesser hos elevane og ulike måtar å arbeide på, men prøve å styrkje dei individuelle personlegdomsdraga. Ideelt sett skal kvar elev få hjelp til å utvikle vidare det verdfulle i si personlege eigenart. Samtidig må ein prøve å la elevane arbeide saman i større eller mindre grupper for at dei skal fa lære å samarbeide og lære å respektere kvarandre trass i individuell ulikskap. På dei lågaste stega i skolen må likevel det viktigaste ved gruppearbeidet vere den gleda elevane har av å vere saman. Heimstadlære og andre fag Det stoffet elevane arbeider med i dette faget, bør i stor mon brukast i dei andre faga og. På den måten kan all undervisning på dei lågaste klassestega bli eit samla heile med heimstadlæra som det sentrale og samanbindande faget. Det er lett å sjå at mange emne i heimstadlæra samtidig er naturlege emne i kristendomskunnskap. I samband med dei kyrkjelege høgtidene vil mykje stoff passe i begge faga. Å gå i kyrkja kan ha like mykje med heimstadlære som med kristendomskunnskap å gjere. Når elevane bruker tal i samband med eit heimstadlærestoff, er det også matematikk. På tilsvarande måte er det like mykje norskopplæring når elevane lærer nye ord og uttrykk og får øving i å bruke språket. Samtale, forteljing og dramatisering i heimstadlære kan ikkje skiljast frå undervisninga i norsk. Etter kvart som elevane lærer seg å lese og skrive, vil norsk og heimstadlære få nye fellesområde. Når elevane har vorte flinke nok til å lese, vil det vere sjølvsagt at mykje av lesestoffet gjeld emne som høyrer heimstadlæra til. Samtidig vil det vere naturleg for elevane å skrive om same emna. I den einskapen som lærestoffet og arbeidet bør vere på dei lågaste stega, må musikk, heimkunnskap, forming og kroppsøving og vere viktige emne. Eit stoff i heimstadlære kan ha så mykje å gjere med lyd, tone, rytme og rørsle at arbeidet med det blir aktiv musisering. Det same stoffet, eller eit anna stoff, kan by på oppgåver som krev bruk av fargar og materiale som kan formast. Like eins kan heimstadlæra i mange høve gje idéar til kroppsøving. Det er i det heile mange emne og aktivitetar som kan trekkjast inn i heimstadlæreprogrammet frå andre fag og fagområde: turar og ekskursjonar, dramatisering, song- og rytmeleikar, rim og regler, skrive, teikne, klippe, modellere, stelle, rydde, arbeid i sandkasse, praktisk arbeid ute og inne, for å nemne noko. Med utgangspunkt i heimstadlæra vil det såleis vere mange høve til å føre ulike aktivitetsformer saman til eit heile. LÆREMIDDEL Dersom arbeidet skal gå godt, er det mykje om å gjere at det materiellet og utstyret som trengst, verkeleg er tilgjengeleg. Ein må ha mykje av slike forbruksvarer som kartong, papir - av mange slag - materiale som kan formast, fargar av ymse typar, lim, tråd og ty. Det må vere høvelege arbeidsbord med
Skann 176 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 174». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/176/